Hopp til innhold

Adam (16) betaler aldri for kleda sine

Barn ned i 13-årsalderen får betalt for å reklamere for varer på sosiale medium. Det er problematisk meiner Forbrukartilsynet.

Adam Kassab

Adam Kassab viser fram klede for å gi følgjarane inspirasjon til kva dei kan ha på seg.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Adam Kassab frå Nærbø på Jæren har 18.000 følgjarar på Instagram.

Der viser han fram klesplagg, med seg sjølv som fotomodell.

Han hugsar godt første gongen han fekk betalt for å reklamere for ei vare på sida si.

Det var ei ansiktsmaske. Ved hjelp av ein spesiell type leire, skulle den gi finare hud.

Betalinga var 200 kroner.

– På den tida sa eg ja til alt, hugsar han tilbake. Uansett om det var eit bra produkt eller ikkje.

Barn er påverkarar

Då var han 15 år. I dag er han 16.

Men Forbrukartilsynet veit om at barn ned til 13 års alderen blir sponsa, dersom dei reklamerer for varer.

Nina Elise Dietzel, seksjonssjef i Forbrukertilsynet

Nina Elise Dietzel, seksjonssjef i Forbrukartilsynet

Foto: DAG JENSSEN / DAG JENSSEN

– Vi er kjent med at det skjer, seier seksjonssjef Nina Elise Dietzel.

Forbrukartilsynet åtvarar bedrifter mot å bruke mindreårige som reklamekanal.

– Det eksisterer ikkje eit absolutt forbod i lovverket, men det er problematisk, meiner seksjonssjefen.

Ho fortel at når bedrifter tar i bruk barn som reklamekanal vil marknadsføringa lettare nå andre barn. Då må bedriftene ta omsyn til at barn er lettare å påverke med reklame, enn vaksne.

Dietzel understrekar også at det er bedriftene som sponsar påverkarar i sosiale media, som har ansvaret for at innlegga er skikkeleg merka med «reklame».

– Influensarane har også eit ansvar, men det er bedriftene som har hovudansvaret, seier seksjonssjefen i Forbrukartilsynet.

Lena Lindgren

Lena Lindgren er journalist, kommentator og forfattar.

Foto: Julie Pike

Ei anna som fortel om dette er forfattar Lena Lindgren.

– Då eg jobba med den siste boka mi spurde eg fleire yngre instagrambrukarar. Alle visste at med mange følgjarar så kom det tilbod frå firma om for eksempel gratis klede, seier Lindgren til NRK.

I boka «Ekko, et essay om algoritmar og begjær» frå 2021 skriv ho:

«I dag får 13-åringar som har fleire enn 1000 følgjarar på sosiale medium systematisk tilbod frå sponsorar om å marknadsføre produkt til vener og til følgjarane sine».

Adam Kassab, Instagrambilde

Eit av Kassab sine Instagram-bilde.

Foto: Adam Kassab

Ikkje ulovleg

Reklame til barn og unge frå andre unge influensarar fungerer. Salet av varer aukar.

– Det er derfor bedriftene driv med slik marknadsføring, seier Håvard Kvernaas Bakken, fagdirektør i Annonsørforeningen ANFO.

Håvard Kvernaas Bakken, Portrettbilde i gatemiljø

Håvard Kvernaas Bakken

Foto: ANFO Annonsørforeningen

Han meiner det er greitt, i tilhøve til marknadsføringslova, å sponse influensarar ned i 13-årsalderen.

Men han meiner også at bedriftene bør vera forsiktige. Spesielt på varer som går direkte på venleik og kropp.

– Men dersom det er varer som har med god helse, for eksempel idrett å gjera, så må bedrifter kunne bruke unge påverkarar, seier Kvernaas Bakken.

Lever godt som influensar

Adam Kassab marknadsfører først og fremst klede. Han fortel at han nokre gonger får betalt, andre gonger ligg betalinga i at han får behalde dei kleda han får tilsendt.

I tillegg har han fire sponsorar han får betalt frå, som han opplyser om på instagramsida si.

Reklamebilde på Instagram
Foto: Adam Kessab

Adam vil ikkje fortelje kor mykje han tener på kontoen sin, men han treng i alle fall ikkje å be om pengar heime.

– Eg tener nok til å gå på restaurant og kino og slike ting, fortel han. Klede treng han ikkje å kjøpe.

– I tillegg klarer eg å spare litt pengar kvar månad, slår han fast.