Hopp til innhold

Ber bedrifter om å kutta ut banken

I staden for at banken skal ta risikoen ved mindre bedriftslån, blir det nå opna for at vanlege folk skal gi såkalla «folkelån», eller «crowd-lending».

Crowd-lending

FundingPartner er eitt av fleire selskap i Noreg som har satsa på ei ny finanstrend, der bedrifter kan låna pengar direkte frå privatpersonar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er ei slags crowdfunding, men det handlar om å gi lån til små- og mellomstore bedrifter, seier jærbuen Geir Atle Bore frå kontoret sitt på Start Up Lab i Oslo.

Geir Atle Bore

Geir Atle Bore er ein av gründerane bak FundingPartner som i år blei plukka ut til å bli med i DNB sitt akseleratorprogram DNB NXT.

Foto: Privat

Han er ein av gründerane bak eitt av selskapa som nå ønsker å tilby den nye lånemodellen, som ein truleg vil sjå mykje meir av i framtida. Vanlege folk blir lokka med høge renter på pengane dei lånar vekk, medan bedriftene får tilgang på pengar som banken nektar dei.

– Selskap som får avslag på lån i banken kan koma til oss. Etter me har gjort ei vurdering av dei, så kan privatpersonar, gjennom vår plattform, låna dei pengane som dei treng, seier Bore.

Bankane satsar på alternativt utlån

Selskapet hans heiter Funding Partner og har fått støtte frå DNB i etableringsfasen. Også Sparebank 1 SR-Bank har satsa på den nye finanstrenden. Dei har kjøpt om lag 30 prosent av crowd-lending-selskapet Vester.

Thor Christian Haugland

Thor Christian Haugland er konserndirektør for kommunikasjon i Sparebank 1 SR-Bank, som har kjøpt seg inn i Vester. Han meiner at dette er ei lånetrend som vil veksa seg stor.

Foto: Erik Waage / NRK

Tidlegare i år fekk det selskapet Kameo, som dei første i landet, løyve frå Finanstilsynet til å starta opp. Men snart er det fleire aktørar på marknaden, og dei etablerte bankane vil også vera med.

– Eg er sikker på at det vil bli mykje meir av dette i framtida, seier Thor-Christian Haugland, som er konserndirektør for kommunikasjon i Sparebank 1 SR-Bank.

Men er det ikkje slik at privatpersonar då tek støyten og risikoen som bankane skal ta?

– Det er heilt klart ein risiko her. Men selskapa må levera inn rekneskap frå tidlegare år, så det føregår ei form for kredittvurdering før dei kan legga ut ein lånesøknad gjennom plattforma vår.

Likevel er ikkje kredittvurderinga like streng som når banken skal gi lån.

– Mindre bedrifter vil nok ofte oppleva det som vanskeleg og litt firkanta dersom dei ønsker å ta opp eit lån på ein til to millionar kroner hos oss, fordi me er veldig regelstyrte. Derfor har me kjøpt oss inn i Vester som eit supplement til det me allereie tilbyr, seier han.

– Passar bra i Rogaland

Geir Atle Bore jobbar nå med å få inn dei første bedriftene som skal få inn lånesøknaden sin hos Funding Partner. På grunn av oljenedturen, og mange som har starta opp nye bedrifter i kjølvatnet av den, så trur dei den nye lånemodellen vil passa svært godt i Rogaland.

– Eg har tidlegare jobba tett på olje- og gass-sektoren, og eg såg effektane av oljekrisa. Å kunne hjelpa næringslivet i Rogaland med å reisa seg har heilt klart vore ei viktig drivkraft for avgjersla mi om å hoppa av og starta nokon nytt, seier han.