Hopp til innhold

Nå kjem dei på døra di

Høgre og Arbeidarpartiet har som mål å banka på om lag ein halv million dører kvar i valkampinnspurten. – Ein svært effektiv måten å nå gjennom på, ifølgje dagleg leiar i Markedsføringshuset i Stavanger, Trygve Forgaard.

Ap bankar på dører

Cecilie Bjelland og Torstein Tvedt Solberg håper på å få fleire veljarar med å banka på dører og dela ut roser saman med politisk bodskap.

Foto: Mari Friestad / NRK

Erlend Jordal og Anne Kathrine Nygård Bergh

Høgrepolitikarane Erlend Jordal og Anne Kathrine Nygård Bergh klare til å banka på dører.

Foto: Mari Friestad / NRK

Både Høgre og Arbeiderpartiet satsar knallhardt på husbesøk for å kapra veljarar nå i valkampinnspurten.

Til saman har Ap som mål å banka på 500.000 dører, medan Høgre siktar litt lågare med 400.000 dører landet over før valdagen 9. september.

Roleg atmosfære

Ein stad mellom 25.000 og 35.000 av desse heimane er i Rogaland, der mellom anna Ole Kallelid i Arbeidarpartiet er i full gang med å banka på dører.

– Det me opplever med husbesøk er at me treff folk i ein langt meir roleg atmosfære enn på ein hektisk stand i byen, seier Kallelid.

For sjølv om partia er svært synlege både i media og på stands, er høgste prioritet nå å besøka folk der dei bur. Kallelid meiner det er effektivt.

– Nesten alle sett pris på å få ei rose, litt materiell og faktumet at me er litt synlege, seier han.

– Viktigaste verktøyet me har

Også Høgre er i full gang i oljebyen. Erlend Jordal i Stavanger Høyre, fortel at partiet hans har ein klare tankar om dørbank.

– Me har gjort undersøkingar frå tidlegare valkampar der me har gått systematisk til verks og prioritert dørbank. Dette har ført til framgang og er derfor eit svært viktig verktøy for oss.

– Kor viktig?

– Det er faktisk ingenting som er viktigare for oss på lokalplan enn å driva grasrotvalkamp. Derfor er dette det viktigaste verktøyet, slår Jordal fast.

Kan vera avgjerande

Og akkurat grasrotvalkampen kan bli avgjerande for det endelege resultatet, og derfor er det smart å prioritere heimebesøk, seier Trygve Forgaard, som er dagleg leiar i Markedsføringshuset i Stavanger.

– I informasjonssamfunnet me lever i nå blir me eksponert for fleire tusen bodskap dagleg. Derfor tar me ikkje inn over oss alle desse bodskapa. For å nå gjennom all støyen som er der ute er husbesøk veldig effektivt. I tillegg kan du tilpassa bodskapen til den du snakkar med, seier Forgaard.

Og det er ikkje tilfeldig kven som får besøk, for det blir nøye kartlagt, både hos Arbeidarpartiet og Høgre, seier Jordal.

– Me har vald ut område der me tenker me kan treffa flest som kanskje ikkje har tenkt å stemma, slik me kan få dei ut. Me besøker også område der me står svakt for å gjera eit innhogg, seier han.

Og besøka held fram heilt fram til valdagen på måndag, så det er berre å førebu seg på besøk.