NRK Meny
Normal

– Skremmande og uansvarleg

Erfaren redningsmann reagerer sterkt på bilete av ein baby som blir fotografert på ein kant like ved Preikestolen. – Alle vil jo ta bilete der oppe, men eg har aldri sett noko i denne kategorien, seier han til NRK.no.

Baby på kanten av Preikestolen

Dette bilete blei teke ved Preikestolen laurdag 13. september. Dei vaksne fotograferer babyen på kanten av stupet.

Foto: Fred Sirevåg

Preikestolen

Preikestolen i er eit fjellplatå som er tilnærma flatt og ruver 604 meter over havet.

Foto: Erik Waage / NRK
Espen Brekke i Norsk folkehjelp

Espen Brekke i Norsk Folkehjelp.

Foto: Inger Johanne Stenberg
Audun Rake

Audun Rake er dagleg leiar i stiftinga Preikestolen.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Laurdag føremiddag reiste Fred Sirevåg og dottera til Preikestolen i Forsand for å nyta den flotte haustdagen. Då dei kom til toppen såg dei noko som gjorde sterkt inntrykk.

Heilt ute på kanten, der det er 600 meter rett ned til botn av Lysefjorden, kraup ein liten baby. Framføre babyen stod vaksne og fotograferte og passa på at ikkje noko skulle skje.

Aldri sett liknande

– Eg heldt på å setja Kvikklunsjen i halsen, seier han til Stavanger Aftenblad, som først skreiv om saka.

Han tok bilete av det som skjedde. NRK.no har synt dette bilete fram til Espen Brekke i Norsk Folkehjelp. Han er ein av dei som rykker ut når det skjer ulukker ved Preikestolen, eller når nokon går seg vill eller fast.

– Oisann, dette ser ikkje bra ut. Alle vil jo ta bilete der oppe, men eg har aldri sett noko i denne kategorien. Dette er jo skremmande, er den første reaksjonen hans når han ser bilete.

– Vitnar om lite ansvar

Brekke slår fast at han er ein av dei som tykkjer det er bra når ungdom til dømes reiser ut til Kjeragbolten og fotograferer. Det han ser på bilete meiner han likevel er uforsvarleg.

– Det er ikkje slik at babyen er millimeter frå å falla ned i døden, men det vitnar om lite ansvar frå dei vaksne. Ungar er ikkje føreseielege, og dersom babyen gjer ei brå rørsle, nå også dei vaksne gjera ei brå rørsle, då kan det bli farleg, seier han.

Som redningsmann ved Preikestolen har han sett mykje rart, men han seier at dette tar kaka.

– Me vil at folk skal bruka vet. Men her er alt gale. Det er signaleffekten det sender og det er vitnar om lite ansvar frå dei vaksne, seier han.

Audun Rake, er dagleg leiar i stiftinga Preikestolen, han seier at dei ikkje ønsker ei trend der folk skal opp å ta bilete av babyar. Sjølv har han ikkje sett det aktuelle bilete.

– Me vil ikkje at Preikestolkanten skal bli knytt opp til risikohandlingar, seier han til NRK.no.