Hopp til innhold

- Har ikkje tatt ei krone

Både Einar Baardsen og forsvararen hans, avviser at Baardsen har tatt pengar frå fotballspelaren John Arne Riise.

Einar Baardsen

Fotballagent Einar Baardsen

Foto: NRK

Fotballagent Einar Baardsen, blei i retten i dag kryssforhøyrt av aktor. Baardsen fekk etter lunsj mange spørsmål om detaljar i det han tidlegare i dag har uttalt seg om.

Baardsen i retten i føremiddag

Aktor var spesielt opptatt av om forskjellege transaksjonar, Baardsen hadde gjort, var lån eller betaling for arbeid han hadde utført for Riise.

- Ifølge tiltalen har Baardsen urettmessig fått hand om Riise sine pengar og i store trekk brukt pengane i strid med Riise sine interesser, seier aktor Erik Rand.

Elden greip inn

Baardsen ville lese opp frå eit brev, som skulle vise kva som skjedde mellom han og Riise, då kontakten blei broten mellom dei to.

Men før han kom sålangt greip forsvararen, John Christian Elden inn og fekk hindra opplesinga.

Sponsorflukt

Baardsen fortalde at eit større beløp, minst 7-8 millionar kroner, forsvann i samband med uheldige hendingar som Riise var med på.

- Det handla om slåsskampen med landslagskollega John Carew og om utsending av mange sms-ar til kjendiskvinner, sa Baardsen.

Desse hendingane førte til at fleire sponsorar forsvant og var ifølge Baardsen med på gjera økonomien til fotballspelaren vanskeleg.

Tilstår rekneskapsrot

- Baardsen vedgår at han ikkje hadde full oversikt over rekneskapen i selskapet sitt, men han har ikkje tatt ei einaste krone frå Riise, utan å ha hatt grunn til det, oppsummerar Baardsen sin advokat, John Christian Elden.

- I forhold til tiltalen om bedrageri, underslag og forfalskning, framstår ikkje litt rekneskapsrot som så ille, seier Elden.