Avviser Statoilspekulasjonar

DNB-sjef Rune Bjerke er ikkje aktuell som ny sjef for Statoil. Det seier kommunikasjonsdirektøren i DNB til Dagens Næringsliv.

Konsernsjef Rune Bjerke i DNB

Konsernsjef Rune Bjerke i DNB, er ikkje aktuell for toppjobben i Statoil.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Sidan Helge Lund brått slutta som toppsjef i oktober, har Statoil vore på jakt etter ny leiar. Han som er konstituert i stillinga, Eldar Sætre, har tydleg gitt beskjed om at han ikkje har ambisjonar om å søkje stillinga.

I dag lanserte Anne Gjøen i Handelsbanken, DNB-sjef Rune Bjerke, som den heitaste kandidaten til å overta. Det gjorde ho i Stavanger Aftenblad.

Avviser spekulasjonane

Nå avviser kommunikasjonsdirektør Thomas Midteide i DNB at sjefen hans har planar om å skifte jobb.

- Rune Bjerke er ikkje kandidat til å ta over toppleiarjobben i Statoil. Det er hyggeleg at sjefen vår blir trekt fram som ein god toppleiar, men me er glade for at han tykkjer det er veldig spennande å leie DNB og vil fortsetje med det, seier Midteide til DN.