NRK Meny

AVTALE OM NY VESTLANDSHØGSKULE:

Samanslåingsavtalen for ein ny stor Vestlandshøgskule er no klar. Forhandlingsutvalet som har drøfta ei samanslåing av Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord/Haugesund møttest i går for siste gong i Bergen. Avtalen legg opp til at rektor skal sitta i Bergen, men Vestlandshøgskulen skal bestå av tre likeverdige campus og med nynorsk som hovudmål.