NRK Meny
Normal

Avaldsnes vann 3-2 - Nordlie berre passe nøgd

– Her var det mykje forderdeleg. Det såg ut som om me hadde klint ein drueklase utover taktikktavla: me var over alt, sa Tom Nordlie etter sigeren mot Arna-Bjørnar.

Karina Sævik, Avaldsnes

TOK TRE POENG: Karina Sævik og Avaldsnes tok tre poeng i serieopninga.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Heimelaget var best, og kunne fort hatt både to og tre mål til, men makta ikkje å scora på sjansane sine. Arna-Bjørnar pressa på mot slutten, og fekk reduseringa si fire minutt før full tid. Dei fekk også ein kjempesjanse på slutten, men på blankt mål fekk ikkje Arna-Bjørnar-spelaren stokka beina, og heimelaget slapp med skrekken.

– Eg er nøgd med tre poeng. Eg syns me skapar mange sjansar og me er brukbare på nokre kontringar, men resten er forferdeleg. Me heng ikkje saman, verken i høgt eller lågt press. Det ser ut som me hadde klint ein klase med druer utover taktikktavla: me var over alt, seier avaldsnestrenar Tom Nordlie.

Arna-Bjørnar scora først

Allereie etter sju minutt gjekk Arna-Bjørnar opp til 0–1 ved Ine Wedaa. Ho fekk to sjansar, og på andre forsøk sende ho ballen i nettet.

Men heimelaget svarte umiddelbart, og berre to minutt seinare utlikna Elise Thorsnes for Tom Nordlie sitt lag. Ho finta seg forbi eit par motspelarar, før ho sende av garde eit godt skot som fann vegen til nettmaskene.

Etter utlikninga heldt Avaldsnes fram med å pressa, og etter 21 minutt fekk dei løn for strevet. Hólmfrídur Magnúsdóttir fekk ballen på venstresida og plasserte den fint i lengste hjørne.

Tom Nordlie

FØRSTE SERIEKAMP: Tom Nordlie i velkjend positur i sin første seriekamp som trenar for Avaldsnes.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Etter pause gjekk det berre fire minutt før Magnúsdóttir vart tomålsscorar. Pedersen kom ned til dørlinja og slo eit slapt innlegg inn att i boksen. Keeper Olsen klarte ikkje halda innlegget, og glapp ballen rett i beina på Magnúsdóttir, som enkelt putta hennar mål nummer to for dagen.

Utlikna nesten på overtid

Avaldsnes hadde fleire store sjansar utover kampen, men klarte ikkje å scora. Arna-Bjørnar pressa på mot slutten, og fire minutt før full tid scora Maria Brochmann for gjestene. Tre minutt på overtid fekk bortelaget alle sjansars mor til å utlikna, og få med seg eitt poeng heim til Bergen, men det ville seg ikkje for bergensarane.

– Den prøver eg å gløyme, for eg får vondt inni meg om eg tenkjer på den. Men det gjekk jo bra! Eg såg for meg at det vart mål der, men heldigvis hadde me litt flaks, seier Maren Mjelde, som spelte ein veldig på kamp sentralt på midten for Avaldsnes.

Dei fekk frispark på 18 meter, skotet gjekk via muren og trilla til ein ledig Arna-Bjørnar-spelar seks meter frå mål. Ho kunne trilla ballen til side for keeper, men bomma regelrett på ballen, då ho truleg ikkje forventa å få den servert på sølvfat slik ho gjorde.

Dermed kunne Tom Nordlie jubla for tre poeng i sin første seriekamp som avaldsnestrenar. Men jubla så veldig høgt, det ser han ingen grunn til.

– Me er for heite i toppen, og me skulle hatt fleire mål. Det handlar om å vera kald i toppen og putta på Harald Martin Brattbakk-vis med innsida av foten, og ikkje berre brenna til med strak rist. Innsatsen er bra, men me har for høge skuldrer og mykje nervar. Ein typisk serieopning, avsluttar trenaren.