Hopp til innhold

Avaldsnes utklassa Klepp i kvartfinalen

Avaldsnes er vidare til semfininale i cupen etter å ha utklassa Klepp 8–2 på heimebane i dag. Sjå måla her.

Avaldsnes-Klepp

– Når me får det til som i dag må me berre jubla, seier Avaldsnes-trenar Arne Møller etter 8-2 mot Klepp.

Det var liten tvil om kven som var best i kvartfinalekampen på Karmøy i kveld.

Alt etter 36 minutt spelt av kampen stod det 5–0 til Avaldsnes.

Avaldsnes-trenar Arne Møller var naturleg nok svært fornøgdt etter kampen.

– Når me får det til som i dag må me berre jubla, seier han til NRK etter kampen.

– Me opptrer tett og kompakt, og når me går i angrep gjer me det 100 prosent. Kampen er køyrt etter vårt tredje og fjerde mål, seier han.

Klepp-trenar Jon Pall Palmason var ikkje like glad etter kampslutt.

– Eg er skuffa over resultatet. Men Avaldsnes har fleire fantastiske spelarar, og fekk ein flott start. Kampen var over etter ein halvtime, seier han til NRK etter kampen.

Kven Avaldsnes møter i semifinalen får du vita på NRK1 klokka 17.45 laurdag.

Trenarane om kvartfinalen

VIDEO: Dette seier dei to trenarane om kampen.

SLIK KOM MÅLA:

  • 8 min: Avaldsnes tek leiinga 1–0 ved Frida Magnusdottir.
  • 16 min: Avaldsnes opp i 2–0. Målskårar: Debora Cristiane de Oliveira.
  • 19 min: 3–0 til Avaldsnes, nok eit mål av Magnusdottir.
  • 24 min: Nok eit mål. Avaldsnes opp til 4–0 ved Laila Himle.
  • 36 min: 5–0 til Avaldsnes. Debinha er målskårar.
  • 50 min: 6–0 til Avaldsnes. Nok eit mål av Debinha.
  • 72 min: 6–1. Innbytar Therese Sessy Åsland lagar mål for Klepp.
  • 75 min: 7–1. Magnusdottir lagar sitt tredje mål for dagen.
  • 92 min: 8–1. Magnusdottir puttar sitt fjerde mål.
  • 93 min: 8–2. Line Smørsgård set inn Klepp sitt andre trøystemål for dagen.