Hopp til innhold

Avaldsnes tapte toppoppgjeret

Avaldsnes tapte toppoppgjeret mot Lillestrøm på heimebane. – Laget skrudde ikkje på før i andre omgang, seier Avaldsnes-trenar Tom Nordlie.

Karina Sævik, Avaldsnes

Karina Sævik og dei andre Avaldsnes- spelarane klarte ikkje å tukte LSK i toppkampen på Karmøy.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Avaldsnes tapte 0-1 på heimebane mot Lillestrøm. Det var Isabell Herlovsen som skåra LSK sitt mål i første omgang.

Det betyr at Avaldsnes ligg midt på tabellen med sju poeng på fem kampar. Lillestrøm ligg på topp med 15 poeng, to poeng før Klepp på andre plass.

– Første omgang var elendig. Eg veit ikkje nå kvifor spelarane ikkje gjorde som me var einge om på førehand, seier ein skuffa Avaldsnes-trenar, Tom Nordlie.