Hopp til innhold

– Avaldsnes er i gode hender

Roar Wold, som leia Avaldsnes til cupfinalen laurdag, er ferdig som trenar. Han meiner likevel at kvinnelaget har funne ein god erstattar i Arne Møller.

Roar Wold før cupfinalen i fotball mellom Avaldsnes og Stabæk på Ullevaal stadion lørdag ettermiddag

FERDIG: Roar Wold er ferdig som trenar for Avaldsnes etter ein sesong.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Arne Møller

Arne Møller har spelt i Brann og greske Aris Thessaloniki. Seinare har han vore sportsdirektør i Brann og trenar for kvinnelaget IL Sandviken.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Laurdag tapte Avaldsnes 1–0 mot Stabæk i cupfinalen på Ullevaal. Kort tid etter var det offisielt at trenaren ikkje blir med laget vidare.

– Eg hadde bestemt meg for lenge sidan. Det blir for langt for meg å reise i tillegg til at eg fekk eit bra jobbtilbod frå Norges Fotballforbund, seier Roar Wold, Avaldsnes-trenaren som er busett i Sandnes.

– Har overprestert

Wold kom inn som trenar for kvinnelaget i slutten av førre sesong og var med på opprykket til toppserien. Her kom dei på ein sterk fjerdeplass og på toppen av det heile blei det også NM-sølv.

– Eg er svært nøgd med det me har fått til så langt. Me har på mange måtar overprestert, særleg med tanke på at det er 20 nye spelarar på laget, seier Wold.

Nå skal Wold jobba som trenar- og spelarutviklar i NFF, men han er ikkje uroleg for Avaldsnes som i dag lanserte den nye trenaren Arne Møller.

– Han har brei fotballerfaring og eg veit at han er oppteken av å ta vare på enkeltspelarane. Så Avaldsnes er i gode hender, seier Wold.

Cecilie Pedersen og Thorunn Helga Jonsdottir (t.v.) etter at Stabæk scoret sitt første mål

Cecilie Pedersen og Thorunn Helga Jonsdottir i cupfinalen på laurdag. Bilete er teke etter Stabæk scora vinnarmålet.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Mest visjonære fotballprosjektet i Norge

53 år gamle Arne Møller har tolv års erfaring som proffspelar i Brann og i Aris Thessaloniki. Seinare har han også vore sportsdirektør i Brann. Han er ikkje i tvil om kvifor han nå går til Avaldsnes, som med hjelp av ein rik onkel satsar svært friskt på kvinnefotballen.

– Avaldsnes er det sprøaste og mest visjonære fotballprosjektet i norsk fotball. Dette tennar noko i meg, seier Møller til NRK.no.

Han ser fram til å vera trenar for eit profesjonelt lag med heiltidsspelarar. Han trur at dette gir moglegheit til å skapa noko heilt eige innan kvinnefotballen.

Tidlegare har han også vore trenar for kvinnelaget Sandviken, den gong utan ressursar.

– Der dreiv me med talentutvikling, og me fekk også til mykje utan ressursar. Men eg ser at ein treng ressursar om ein skal laga eit topplag som har stabiliteten i toppen.

Han meiner at det unorske ved måten Avaldsnes driv kvinneklubben på berre er positivt.

Han har allereie sett medalje i toppserien som mål for neste sesong, og han ser bort frå ikkje topplasseringa.

– Gull er også medalje, seier han til slutt.

SJÅ VIDEO: Storsatsing på kvinnefotball i Avaldsnes

Lørdag spiller Avaldsnes cupfinale mot Stabæk. Den lille klubben fra Karmøy satser stort, med heltidsspillere. – Slik bør alle satse hvis norsk kvinnefotball skal utvikles, mener treneren.

I Avaldsnes har dei fulltidsspelarar.