Hopp til innhold

Rådmannen: – Stavanger treng 10 nye skular og 20 nye barnehagar

Folkeveksten i Stavanger har sett sitt preg på budsjettforslaget. Rådmann, Inger Østensjø, meiner det må satsast hardt på bygging av bustader, skular og barnehagar.

Rådmann i Stavanger, Inger Østensjø, legg fram Stavanger-budsjettet for 2014 – 2017

Her legg rådmann i Stavanger, Inger Østensjø, fram sitt budsjettforslag for 2014 – 2017.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

– Innan 2030 må Stavanger ha 10 nye skular og 20 nye barnehagar, sa rådmann Inger Østensjø, då ho i dag la fram budsjettforslaget for dei neste fire åra for politikarane i Stavanger kommune.

Og for leiar i kommunalstyret for oppvekst, John Petter Hernes (H), likte det han høyrde.

– Er det realistisk?

– Det er det. Regionen veks og me må førebu oss på å legga til rette for alle som kjem. Me må bygga bustader, vegar, skular og barnehagar. Men me må tenka nytt for me kan ikkje lenger bygga på grøne marker. Me må plassera det inn i den eksisterande byen, seier Hernes.

Men kor skal ein bygga 10 nye skular og 20 nye barnehagar?

– Dei vil nok delvis vera knytt til eksisterande skular, men me må også finna nye tomter. Men ein barnehage kan kanskje ikkje ligga aleine på ei tomt og berre ha ein etasje lenger, seier han.

Allereie dei neste åra blir det sett i gang bygging av nye skular på Hinna, Jåttå og Hundvåg.

– Så me er allereie i gang, seier Hernes.

1250 nye bustader i året

Rådmannen trekk fram bustadutbygging, vedlikehald av offentlege bygg og redusering av klimautslepp som hovudpunkt i eige budsjettforslag.

Målet for bustadbygging er minst 1250 nye bustader i året, vedlikehaldsmidlane skal trappast opp med 100 millionar kroner og det blir lagt opp til ei endring av parkeringsvedtektene der parkeringsanlegg må vera like langt frå arbeidsplassen som stoppestad for kollektivtransport.

Samla sett vil rådmannen bruka meir enn 4 milliardar kroner dei neste fire åra. Gjelda vil auka med meir enn ein milliard kroner og bli 7,57 milliardar.

Budsjettpengane fordelar seg slik:

29 prosent går til posten levekår, skulen får 19 prosent, barnehage 13 og kultur og byutvikling tre prosent. Posten barn og unge får fire prosent, felles utgifter er på 16 prosent, medan Bymiljø og utbygging får 11 prosent av bruttobudsjettet.