Politiet åtvarar mot «Microsoft-svindlar»

Svindlaren har lurt til seg kontroll over nettbankkontoar i ettermiddag.

DNB nettbank

Svindlaren gjer seg ut for å representera dataselskapet Microsoft for å få tilgang til nettbankkontoen.

Foto: NRK

Politiet har i ettermiddag fått inn meldingar om ein mann som via telefon gjer seg ut for å representera dataselskapet Microsoft. To personar har så langt opplyst at dei har gitt mannen personopplysingar.

– Etter det me i politiet er kjent med er det ikkje Microsoft som står bak telefonhenvendingane, seier Trond Olav Friberg, operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Derfor slår dei nå svindlaralarm.

– Mannen tar kontakt via telefon og seier han er frå selskapet Microsoft. Han ber om opplysningar frå førarkort, pass, kredittkort med meir, opplyser Friberg.

Dei to personane som har gidd frå seg denne informasjonen har også logga seg inn på pc-ane sine, og lagt inn kodar slik at innringaren har fått tilgang til mellom anna nettbanken.

– I tillegg til bedrageri, kan dei ha blitt utsett for id-tjuveri, seier Friberg.

Han åtvarar publikum mot å gje frå seg personopplysningar og anna på bakgrunn av ein telefonsamtale frå ei ikkje-identifisert kjelde.