Hopp til innhold

Åtvarar mot falske VM-billettar på nett

Så nær som alle dei offisielle billettane til fotball-VM i Brasil er utselde. Det betyr at du fort kan bli svindla dersom du først nå vil sikra deg billettar til VM-festen, åtvarar Forbrukarrådet.

VM i Brasil

Det er svært stor rift om billettane til VM i Brasil og Forbrukarrådet åtvarar mot falske billettar på svartebørsen. Finn.no ber folk vera kritiske når dei handlar billettar på nett.

Foto: VANDERLEI ALMEIDA / Afp

– Dei som handlar billettar til VM nå må vita at dei truleg ikkje kjem frå dei offisielle kanalane, seier regiondirektør i Forbrukarrådet i Rogaland, Edith Kristin Nøkling.

Det betyr at det ofte er gjennom svartebørssal folk får tak i billettar nå – like før VM blir sparka i gang i Brasil torsdag 12. juni.

– Folk risikerer å bli lurte. Svartebørsbillettane er langt dyrare enn ordinære billettar, og ofte er dei falske. Du risikerer å reisa ned til Brasil med ein papirlapp som ikkje er verdt nokon ting, seier Nøkling.

Forbrukarrådet: – Bruk kredittkort

Edith Kristin Nøkling

Edith Kristin Nøkling, regiondirektør i Forbrukarrådet.

Foto: Magnus Stokka

Billettane til årets fotball-VM er svært ettertrakta, og onsdag blei dei siste 180.000 offisielle VM-billettane lagde ut på FIFA sine heimesider.

Totalt blir berre ein tredjedel av VM-billettane lagt ut for sal på nettet, ifølge Forbrukarrådet.

VM-bilettar på Finn.no

På Finn.no ligg det ute mange billettar til fotball-VM. Finn.no ber folk vera kritiske når dei handlar billettar på nett.

Foto: Skjermdump, Finn.no

Internasjonale gjester kan kjøpa om lag 700.000 av billettane. Resten, om lag to millionar, går blant anna til sponsorar, spesialpakkar, fotballforbund i ulike land og media.

I Norge er det forbod mot svartebørssal, men internasjonale nettsider er ikkje bundne av forbodet.

– Rådet vårt ved all netthandel er å bruka kredittkort. Då er du forsikra dersom du blir lurt, og kan få pengane tilbake, seier Nøkling i Forbrukarrådet.

Finn.no: – Folk må vera forsiktige

På Norges største marknadsplass på internett, Finn.no, ligg det ute mange annonsar om fotballbillettar til VM.

Henrik Faller

Henrik Faller, pressetalsmann Finn.no.

Foto: Finn.no / FINN

Ifølge pressetalsmann hos Finn.no, Henrik Faller, er dei fleste billettane ekte og få klager. Han ber likevel folk vera forsiktige når dei handlar VM-billettar på nett.

– Det er viktig at folk som er interesserte i billettar er bevisste på at det kan førekomma falske billettar på nettet generelt, og nokon gonger hos Finn.no.

Han gir desse råda til folk som ut etter VM-billettar i siste liten.

– Ein må vurdera om den som sel billettar er seriøs, og finna ut kor vedkommande kjøpte billettane. I tillegg bør ein ikkje betala billettane på forskot, seier Faller.

– Kva klagemoglegheiter har folk?

– Dersom du kjøper billettar frå privatpersonar har du i grunnen får klagemoglegheiter. Men det går an å melda frå til politiet og rapportera til Finn.no dersom du får falske billettar.