Hopp til innhold

Åtvarar mot falske låsesmedar

Dører blir øydelagt, kundar truga, og tvinga med til minibanken for å ta ut pengar til betaling, ifølge foreininga Norske Låsesmeder. No kartlegg politiet problemet.

Falske låsesmeder

Sjølv om dei falske låsesmedane står fram som lisensierte, ender kundane opp med å betale tusenvis av kroner, for eit problem som ikkje blir reparert. Om dei klagar på jobben som er utført er fleire blitt truga stille, og til å betala.

– Me har fått tilbakemeldingar frå kundar som ikkje vågar å gå til politiet. Dei er redde for hemnaksjonar, seier leiar i Norske Låsesmedar, Knut Kildahl.

Dei falske låsesmedane marknadsfører seg med heimesider på internett i dei store byane i Noreg. Dei lovar ein profesjonell, billig og godt utført jobb via annonsar på Google.

Knut Kildahl

Knut Kildahl leiar i Norske Låsesmeder, er uroa over korleis dei falske smedane jobbar.

Foto: Foreningen Norske Låsesmeder

Det er usikkert kor mange kundar som er råka. Foreininga fekk dei første meldingane om falske låssmedar for om lag eitt år sidan.

Limte fast handtaket

I Rogaland blei Anne Knoph råka, då ho søkte etter ein låsesmed på nett etter at dørhandtaket hennar knakk av. Ho fann ei bedrift som tilsynelatande verka seriøs.

Då hjelpa dukka opp, stussa Knop over at smeden kom i ein privatbil. Han hadde heller ikkje firmaklede, og han snakka ikkje norsk.

Useriøs låsesmed

Slik skal det ikkje sjå ut. Eit eksempel på korleis det kan gå om ein brukar ein låsesmed som ikkje er lisensiert.

Foto: Ståle Pedersen / Norlås AS

– Eg ville ikkje døma nokon på førehand, og han hadde med seg ein verktøykasse som eg har sitt andre låsesmedar har.

Ho reagerte likevel på arbeidsmetoden. Handtaket blei limt fast og Knop fekk beskjed om å betala kontant.

Knop sa at ho ville ha faktura og nekta å betala med kontantar. Låsesmeden vart sur, men gjekk til slutt utan betaling. Då ho skulle låse seg inn neste gang, knakk handtaket på ny.

Ho synest heile opplevinga var ubehageleg og oppfordrar andre til å vera forsiktige når dei vel låsesmed.

Utspekulerte

NRK har kontakta fleire låsesmedar etter me fann mistenkeleg informasjon på nettstaden deira.

skjermdump

Nettstaden og firma me ringde til første dagen.

Foto: Skjermdump av nettstad

Den eine bedrifta oppgav organisasjonsnummeret til Skatt Øst, som sitt eige, men forklarar at dette var ein feil. Skatt Øst sitt organisasjonsnummer er no fjerna frå heimesida deira, men det er ikkje blitt erstatta med eit som høyrer til dei.

Eit anna firma ville ikkje gje oss namn eller nummer til låsesmedane, og då me spurte om å få organisasjonsnummeret fekk me beskjed å ringa tilbake om 40 minutt.

Då me ringde opp igjen var nummeret ute av drift, og seinare på dagen forsvann nettsida.

Dagen etter fann me ei ny nettside og nummer, og då me ringde svarte same person som me snakka med dagen før. Me fekk beskjed om at dei hadde fått nytt nummer og nettstad sidan i går. Organisasjonsnummeret me fekk viste seg å høyra til Registerenheten i Brønnøysund.

Då me ringde dei opp att for eit par spørsmål var nummeret ute av drift.

Falske låsesmeder

Her har ein falsk låsesmed øydelagt døra heilt, under eit forsøk på å byta låsen. Selskapet Norlås måtte rykka ut og hjelpa kunden som var uheldig med val av låsesmed i første omgang.

Foto: Ståle Pedersen / Norlås AS

Ser på problemet

Politiet bekreftar at dei har fått meldingar om falske låsesmedar, og opplyser om at dei enno er på kartleggingsstadiet.

– Dei er ein del av ein bransjekartlegging der me ser på ei mengde ulike aktørar, og tilknytingar dei i mellom, seier seniorrågjevar for Oslo politidistrikt, Eirik Barstad Wilmann.

Pia Cecilie Høst

Pia Høst i Forbrukarrådet synest det er dumt at så mange blir svindla.

Foto: Halvor Njerve, Forbrukerrådet

Forbrukarrådet har sidan 1. januar fått over tusen spørsmål som handlar om eit firma er seriøst eller ikkje.

Dei meiner at handverkar som er seriøs vil bli kontakta og derfor gjev deg all informasjon som du trenger.

– Oppfører handverkaren seg truande kan du vurdera å melda det til politiet. Har du alt betalt, er det ofte vanskeleg å få pengane tilbake i etterkant. Det beste er å unngå folk som vil lure deg, seier Pia C. Høst, leiar av Forbrukardialog i Forbrukarrådet.