Normal

ATV-ulukke på Sviland

Ein 16 år gammal gut blei køyrt til sjukehus, etter at ATV-en han sat på med køyrde ut av vegen på Sviland, laurdag ettermiddag.

ATV kjørte av vegen ved Sviland i Sandnes

ATV kjørte av vegen ved Sviland i Sandnes.

Foto: Ole A. Bø / NRK

Laster kart, vennligst vent...

Ulukka skjedde på ein rett strekning, like ved ei bru ved Sviland i Sandnes.

Det var to 16-åringar på ATV-en, då ulukka skjedde. Passasjeren fekk skader i bryst og arm, men var ved medvit og er truleg ikkje alvorleg skadd.

– Utforkøyringa skjedde på ein rett strekning på fylkesveg 316, Noredalsvegen i Sandnes, og det er hittil ikkje klart kva som var årsaka, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Victor Jensen.

Politiet på plass etter ulukke med ATV på Sviland i Sandnes

Politiet på plass etter ulukke med ATV på Sviland i Sandnes.

Foto: Ole A. Bø / NRK

ATV-køyretøyet er godkjent for alder ned til 16 år, og det verkar som sertifikatet var i orden, opplyser politiet.