NRK Meny
Normal

Åtte kajakkpadlarar fekk problem i Lysefjorden

Åtte kajakkpadlarar blei overaska av sterk vind i Lysefjorden, og måtte reddast av ein hurtigbåt som var i området.

Lysefjorden mot Lysebotn

Det var her i Lysefjorden at kajakkpadlarane fekk problem. Det er ikkje første gong at mindre båtar har fått problem grunna sterk vind i dette området.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Ei gruppe med kajakkpadlarar var i området mellom Geitaneset og Lysebotn. Så auka vinden kraftig, og dei fekk problem. Dei vart pressa inn mot land, seier vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge, Nils-Ole Sunde.

Gruppa varsla sjølv naudetatane. Hovudredningssentralen blei varsla kl. 12:45.

– Me fekk raskt tak i båten Rygerøy, som låg i Lysebotn. Dei var undervegs etter to minutt, og fekk plukka opp alle saman i løpet av 15-20 minutt, seier Sunde.

Nils Ole Sunde

Nils-Ole Sunde er redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge.

Foto: NRK

Nokre av kajakkpadlarane var våte og kalde, men elles skal dei vera i fin form. Dei er no frakta til land.

Overraska av sterk vind

Sunde fortel at vêrforholda kan vera ustabile i Lysefjorden.

– Når vinden kjem, så kjem den veldig brått. Det er ikkje første gong at mindre båtar har blitt overraska, og det vil nok skje igjen.

Under slike forhold, som det var i dag, kunne det ha gått gale med dei åtte padlarane, dersom dei ikkje hadde blitt redda etter så kort tid.

– Dei var jo i ein situasjon der dei ikkje hadde kontroll på kajakkane. Vinden og sjøen pressa dei inn i fjellveggen, og me kan jo berre spekulera på kva som kunne ha skjedd dersom dei ikkje hadde fått hjelp, seier redningsleiaren.