Hopp til innhold

Asylsøkarar forsvunne

Åtte av tolv asylsøkarar på Dale Mottak som skulle sendast ut av landet har stukke av, og ingen veit no kvar dei er.

Av:

Otto Voldsund

Ein av dei tolv har bestemt seg for å ta imot tilbodet om å verte sendt ut av Norge på Statens rekning.

Mottaksleiar Gunn Fadnes på Dale seier ho reknar med at også dei tre siste kjem til å flytte frå mottaket utan å seie frå kvar dei er.