NRK Meny
Normal

Assistenten høgaktuell som ny Viking-trenar

Viking-assistent Ian Burchnall er den heitaste kandidaten til å overta ansvaret som ny hovudtrenar i stavangerklubben etter at Kjell Jonevret takka for seg.

Ian Burchnall

Engelskmannen Ian Burchnall kan bli ny hovudtrenar i Viking.

Foto: Sebastian Nordli/NRK

På direkte spørsmål om kor aktuelt det er at Ian Burchnall overtar den ledige trenarjobben i Viking, svarer dagleg leiar Eirik W. Henningsen slik:

– Det er høgst aktuelt. Ian har gjort ein kjempejobb for Viking og han er ein sterk kandidat.

Viking sin daglege leiar går med det langt i å peika på kven som overtar trenarjobben etter at det måndag blei kjent at Kjell Jonevret er ferdig i klubben.

Det som i alle fall er hundre prosent sikkert er at Burchnall, som blei assistent før 2015-sesongen, tar over hovudtrenaransvaret fram til ny trenar er på plass.

Kandidatar bankar på døra

Det er styret i Viking FK som skal tilsetja den nye trenaren og har ansvaret for å vurdera dei fotballfaglege kvalifikasjonane. Dagleg leiar Henningsen skal også meina sitt, i tillegg til spelarutvalet.

I løpet av måndagen har Viking-leiinga blitt kontakta fem gonger frå folk som har lansert seg sjølv som ny hovudtrenar i Viking eller agentar som ønsker å presentera trenarkandidatar for klubben.

Men dagleg leiar Henningsen vil ikkje gå noko nærare inn på kven det er som har tatt kontakt. Men han meiner det generelt finst mange gode kandidatar.

– Det er utruleg mykje kvalitet blant fotballtrenarar i Norge, sjølv om dei ikkje nødvendigvis har trent lag på høgaste nivå. Det er mykje skjult gull.

Den nye Viking-trenaren skal vera på plass innan eit par veker. Ifølge Henningsen blir trenarmodellen lik som i dag; altså ein hovudtrenar og ein assistent.