NRK Meny

Arrestert med peparspray

Ein mann blei arrestert i ein væpna politiaksjon på Byhaugen i Stavanger i dag. Mannen var involvert i ein valdsepisode i natt. Politiet rykka ut til Byhaugen klokka 12.00, og først 14.00 vart mannen arrestert. Då hadde mannen nekta å samarbeida, og politiet måtte bruka peparspray for å få han ut.