NRK Meny
Normal

– Heilt magisk

Det har vore strålande ver og få uhell så langt i Nordsjørittet. Det er rittleiaren svært nøgd med.

Nordsjørittet

NØGD: Rittleiar Odd B. SKjærset er svært nøgd med arrangenentet så langt.

– Fantastisk, så langt, heilt magisk, seier rittleiar Odd B. Skjærset.

Beredskapssjefen for Nordsjørittet hadde i forkant sagt at det var mindre sannsyn for skadar om det blei motvind og regn. Men under årets ritt har det vore strålande solskinn og lite vinn.

– Motvind og regn det senke farten, men me har ikkje høyrt om nokon alvorlege skadar så langt, seier Skjærset.

Men det er ikkje fordi folk har teke det med ro.

– Det trur eg ikkje dei har gjort. Dei sykle det dei klare, men eg trur folk har vore forsiktige, seier Skjærset.

Det har i forkant vatna grusløypene for å gjera det tryggare.