Hopp til innhold

Sp vil ha han som nytt toppnamn i fylkespolitikken

Senterpartiordføraren i Vindafjord forlet kommunepolitikken. Tidsklemma har henta han inn.

Arne Bergsvåg

Arne Bergsvåg tok Ølen frå Hordaland til Rogaland fylke. Deretter fekk han Ølen og Vindafjord til å slå seg saman.

Foto: Senterpartiet

– Eg er aktiv både som ordførar, eg sit i fylkestinget, eg er fylkesleiar og første vara til Stortinget, så noko må eg velja vekk, seier Arne Bergsvåg til NRK.no.

Frå kommune til fylke

Etter ei tid i tenkeboksen byter Bergsvåg nå ut kommunepolitikken med fylkespolitikken.

Han blir den nye toppkandidaten til Sp før fylkesvalet neste år.

– Eg har takka ja til å stå på lista ja, og eg vil takka nei til renominering som ordførar, seier han.

Vil bli nummer ein

– Først under nominasjonen vil det bli klart kva plass eg hamnar på.

– Men du vil bli nummer ein?

– Ja, vil eg, eg er klar for å ta førsteplassen.