Hopp til innhold

Dette er årets trenarforbilde

Cathrine Nedrum Lanne blei heilt sett ut då ho fekk beskjeden om at ho er årets trenarforbilde.

Årets trenarforbilde

VIDEO: Midt i turntimen blir Cathrine Nedrum Lanne overraska med ballongar og diplom.

«Om dåkkår kødde med meg? Seriøst? Det e' heilt sykt!»

Slik reagerte turntrenar Cathrine Nedrum Lanne frå Straen Gymnastikk- og turnforeining i Stavanger då ho blei overraska med ballongar, blomar og diplom midt under ei trening fredag.

Av ein samstemt jury er ho nemleg kåra til Norges beste trenarforbilde.

Cathrine Nedrum Lanne

Cathrine Nedrum Lanne, årets trenarforbilde 2014.

Foto: Magnus Stokka

– Eg er glad og blir heilt rørt. Dette er fantastisk. Det er kjekt å bli sett pris på når eg legg ned så mykje arbeid i idretten, seier vinnaren som blir rørt til tårer av det overraskande besøket.

Cathrine Nedrum Lanne var ein av 400 nominerte til Norges beste trenarforbilde i 2014.

Det er alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL som står bak kåringa. Dei arbeider for at barne- og ungdomsidretten skal vera ein trygg og alkoholfri arena og set fokus på viktigheita av trenarrolla.

Det er fjerde året dei jaktar på gode forbilde innan idretten.

Cathrine Nedrum Lanne blir ifølge organisasjonen omtalt som ein gledesspreiar med ein vanvittig stå-på-vilje.

Ein trenar som legg ned eit imponerande arbeid for at elevar frå 1 til 15 år skal føla seg sett og få meistringskjensle ved å gjera ting dei likar i turnhallen.

Gruppeklem

Vinnaren får ein gruppeklem av elevane sine.

Foto: Magnus Stokka