NRK Meny
Normal

Årets skulekorpsdirigent frå Tasta

Morten Øvrebakk frå Tasta skolekorps i Stavanger er kåra til årets skulekorpsdirigent av Norges Musikkorps Forbund (NMF).

Morten Øvrebekk

«Årets skolekorpsdirigent» Morten Øvrebekk saman med «Årets skolekorpsleder» Ingunn Bratland.

Foto: Svein Sjølie

Øvrebakk tok imot prisen i Hamar kulturhus laurdag kveld, der korpsrørsla feira seg sjølv med prisar i ulike kategoriar.

Det var åtte nominerte i klassen «Årets skolekorpsdirigent», og valet fall altså på dirigenten frå Tasta.

Han fekk prisen på 85.000 kroner, kor 60.000 går til Tasta skolekorps.

– Eg er overraska, sa ein glad prisvinnar då han tok imot prisen, ifølge nettsidene til NMF.

Han kan sjå tilbake på 28 år som dirigent for korpset.

– Eg har hatt fleire generasjonar musikarar innom korpset i denne tida og eg trivst verkeleg med dirigentjobben, seier han.

Leiaren i Tasta skolekorps, Martha Rødde, kommenterer prisen slik:

– Det er heilt fantastisk. Me er superstolte over å ha Morten som dirigent for ungane våre i Tasta skolekorps, seier ho til NRK.

Mina Kristine Ravndal frå Tjensvoll skolekorps i Stavanger var ei av fem som tok imot pris i kategorien «Årets miljøskaper».

Miljøskapere

Tre av vinnarane i kategorien «Årets miljøskaper». Mina Kristine Ravndal (i midten).

Foto: Svein Sjølie