Hopp til innhold

Arbeidsulykke i Tysvær

Ein mann i 30-åra er frakta til Haugesund sjukehus etter ei arbeidsulykke i Tysvær. Det skriv Haugesunds avis. Ulykka skjedde i forbindelse med montering av autovern langs E134 aust for Grinde. Bjelkar eller stolpar av stål skal ha falt frå ein lastebil og treft mannen i hovudet. Han var medviten då han blei køyrd til sjukehuset.

Flere nyheter fra Rogaland