Hopp til innhold

Dødsulukke på Hydro Karmøy

Ein mann er død etter ei arbeidsulukke på Hydro Karmøy. Ulukka skjedde i samanheng med montering av stålbjelkar på ein takkonstruksjon.

Dødsulukke på Hydro Karmøy

Krimteknikarar skal gjera undersøkingar på Hydro sitt aluminiumsverk på Karmøy. Arbeidstilsynet er også varsla.

Foto: Kjell Bua

Det var klokka 15.06 politiet fekk melding om ei alvorleg arbeidsulukke ved aluminiumsverket til Hydro på Karmøy. I tillegg til full utrykking blei også eit redningshelikopter sendt ut for å hjelpa til. Men klokka 15.34 blei ein mann erklært død.

– Ulukka skjedde i samanheng monteringa av stålbjelkar på ein takkonstruksjon. Det blei brukt både lift og kranbil i arbeidet. Ein stålbjelke har losna og forårsaka dødsulukka, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Haugesund, Oddvar Olsen.

Utanlandsk arbeidar

Mannen som omkom var ikkje fast tilsett i Hydro, men jobba for ein underleverandør av Veidekke, som jobbar med bygginga av ein ny hall på området på Karmøy.

Han kom frå eit austeuropeisk land, og er i 40-åra.

– Me jobbar med å kontakta dei pårørande, og går derfor ikkje ut med meir informasjon om mannen på nåverande tidspunkt, sa Olsen klokka 17.15.

Nå skal politiet etterforska ulukka, og krimteknikarar var på plass torsdag kveld. Arbeidstilsynet er også varsla om ulukka.

Hydro Karmøy

Hydro sitt aluminiumsanlegg på Karmøy før bygginga av teknologipiloten var i gang.

Foto: Hydro

– Tankane går til pårørande og kollegaer

På nettsidene til Hydro blei det torsdag kveld lagt ut ei pressemelding. Her skriv dei at det er for tidleg å seia noko om årsaka til ulukka.

Konsernsjef Svein Richard Brandtzæg kommenterer også dødsulukka.

– Det var med stor sorg eg tok imot bodskapen om at ein tilsett hos ein underentreprenør omkom på jobb for Hydro. Våre tankar går nå til dei pårørande og kollegaene, seier Brandtzæg.

Ikkje lenge sidan sist ulukke

Det er ikkje meir enn litt under to månader sidan sist gong det var ei alvorleg arbeidsulukke hos Hydro Karmøy. Den gong blei to menn alvorleg skadde då ein lift velta. Begge overlevde ulukka.

– Desse hendingane er ikkje relatert til kvarandre, seier informasjonsdirektør Hallvor Molland, og legg til:

– Me jobbar for å unngå alle ulukker. Alle hendingar blir undersøkt, og me jobbar og med å læra av det som skjer, og sørgje for at det ikkje skjer igjen.

Arbeidet med bygginga av den nye hallen blei stansa da ulukka skjedde, og det blei ikkje starta opp torsdag kveld. Når det på ny tar til, er uvisst.