NRK Meny
Normal

Arbeidsløysa til vêrs etter ekstremvêr

12,6 prosent står utan jobb Lund kommune etter vatnet strøymde inn i hjørnesteinsbedrifta Nordan under ekstremvêret «Synne».

Ekstremvêret Synne

Synne råka hardt i Moi i Lund kommune. Dør- og vindaugefabrikken Nordan, som sysselset 400 personar.

Foto: Peter Monstad

Olav Hafstad

Ordførar i Lund, Olav Hafstad, seier at situasjonen i kommunen deira er krevjande. I tillegg til dei materielle skadane er nå 12,6 prosent arbeidsledige i kommunen hans.

Foto: Jarle Vines / Wikipedia

Mange er permitterte frå jobbane sine etter ekstremvêret «Synne» ramma Sør-Rogaland 5. og 6. desember. Aller verst står det til i Moi i Lund kommune. Her er helvta av dei 400 som jobbar i vindauge- og dørfabrikken Nordan permitterte.

Dermed ligg Lund kommune i desember månad på landstoppen når det kjem til arbeidsløyse.

Heile 12,6 prosent står nå utan jobb.

– Ein vond situasjon

Årsaka er skadane fabrikken fekk då Moiåna gjekk langt over beddane sine.

– Det er ein vond situasjon. Først og fremst for dei permitterte, men også for bedrifta, og på sikt også for Lund kommune, som vil tapa skatteinntekter. Nå håper me at det blir kortvarig. Me veit at dei jobbar på spreng for å koma tilbake i produksjon, seier Olav Hafstad, som er ordførar i Lund.

Han legg til at kommunen har søkt om fem millionar kroner frå staten for å dekka skadar og ekstrautgifter dei får i samanheng med «Synne».

– Eg håper at styresmaktene faktisk ser kor hardt me er råka, slik at me kan få ekstra midlar til kommunen. Det er eit stort ønske eg har, seier Hafstad.

NorDan hardt rammet av flommen

VIDEO: Slik såg det ut utanfor Nordan-fabrikken på Moi då vatnet var på sitt høgste.

Skal informera dei tilsette i ettermiddag

Tore Rasmussen er administrerande direktør i Nordan. Han har hatt møte med dei 400 tilsette i bedrifta i ettermiddag. Her har han informert om at dei første permitterte tilsette på Nordan får koma tilbake på jobb i veke tre.

– Frå og med veke tre går me i gang med produksjonen igjen. Det blir ei gradvis opptrapping. Derfor vil nok ikkje alle vera tilbake før i slutten av februar, seier han til NRK.no.

Etter nyttår skal dei ha eit møte med kommunen om korleis dei skal sikra seg mot framtidige flaumar.

Fylkesdirektør i NAV, Truls Nordahl presiserer at det ikkje berre er hjørnesteinsbedrifta Nordan, som har måtte permittere arbeidarar i desember.

– Arbeidsløysa i Rogaland har auka med fleire hundre personar. Delar av auka skuldast at mange blei permittert etter at ekstremvêret som ramma fleire bedrifter i Sør-Rogaland, seier Nordahl.

Nedgangen i olja gjer i tillegg sitt til at arbeidsløysa i Rogaland er uvanleg høg.

– Med 10.955 personar heilt utan arbeid har Rogaland den høgaste arbeidsløysa i Noreg. Sist Rogaland hadde ei arbeidsløyse på same nivå var vinteren 1996, opplyser Nordahl.