Får ikkje jobb, trass lang erfaring frå olja

Arbeidsgjevarar må sjå på realkompetansen og ikkje berre på utdanning, meiner Nav. Birgit Hjelbak blei sagt opp frå Aker Solutions, og søkjer nå jobb med omfattande arbeidserfaring – men utan utdanning.

Birgit Hjelbak

Etter fleire år med fast jobb i oljeindustrien vart Birgit Hjelbak sagt opp i sommar. Å finna ein ny jobb har vore vanskelegare enn ho hadde trudd.

Foto: Ine Eftestøl/NRK

– Tidlegare, då oljebransjen gjekk godt, visste eg at eg kunne få jobb. Det var ikkje noko problem for meg å byta jobb dersom eg ville det, fordi då så dei på kva eg kunne, seier Birgit Hjelbak.

Men no er det verre, med dårlegare tider i bransjen, lågare oljepris og nedgang på sokkelen. I sommar vart jobben hennar som «document controller» i Aker Solutions kutta. Sidan det har ho leita etter ny jobb, og søkt på fleire stillingar.

Bedrifter utanfor oljenæringa veit jo ikkje kva ein «document controller» gjer for noko.

Birgit Hjelbak

Nav varsla om 5800 arbeidslause frå olja

Ho er ikkje åleine. NAV Rogaland har teke imot varsel om oppseiing eller permittering av 5800 arbeidstakarar i samband med kutt i oljeindustrien, og merkar pågangen av arbeidssøkjarar og folk som treng hjelp.

Fleire av dei, som Birgit Hjelbak, har ei ekstra stor utfordring i jakta på ny jobb. Ho har lang arbeidserfaring, men inga formell utdanning.

The Aker Barents drilling rig in Barents Sea

Arbeidsløysa i Rogaland gjekk kraftig opp i 2014. Biletet er frå arbeid på leiteriggen Aker Barents i Barentshavet.

Foto: Harald Pettersen / Statoil
Truls Nordahl

Truls Nordahl er direktør for Nav i Rogaland.

Foto: Ine Eftestøl/NRK

Saknar ei formell utdanning

– Når du er i jobb og meistrar ein jobb spelar kanskje ikkje utdanning så stor rolle. Men når du mister jobben og leiter etter ein ny, har utdanning veldig stor betydning. Det er utan tvil dei med lågast utdanning strever lengst, seier regiondirektør Truls Nordahl.

Og Birgit Hjelbak strever.

– No når vi er så mange, og eg må søkja på andre typar arbeid er det ikkje sikkert dei veit kva jobben eg har gjort betyr. Hadde eg hatt ei formell utdanning hadde det sagt dei meir, seier ho.

Leiter i fleire bransjar

Ifølgje Nav-direktøren fører dette til at mange dyktige arbeidssøkjarar slit unødig, samt at arbeidsgjevarar går glipp av flinke folk.

– Fleire arbeidsgivarar må sjå på det mennesket de har framfor seg, og på kva slags realkompetanse dei har. Dei må ikkje velje berre basert på utdanning, seier Nordahl.

Birgit Hjelbak vil aller helst ha ein ny jobb som «document controller», men tviler på at ho finn ny oljejobb, og søkjer no breitt i fleire bransjar.

– Eg har ikkje gitt opp. Klart eg får jobb. Det må jo løysa seg, seier ho.