Hopp til innhold

Arbeidsledige flyttar frå «krisefylket»

Mange arbeidsledige rogalendingar tar oppfordringa frå Nav om å flytta ut av fylket. Ole Holzmann (21) er lei av å gå utan jobb i Stavanger.

Ole Holzmann

Ole Holzmann (21) er arbeidsledig og vurderer å flytta på seg for å få jobb.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det er kjipt. Dagane går treigare og eg har ikkje noko å gjera på, seier Ole Holzmann.

Tømraren frå Stavanger har vore arbeidsledig sidan desember i fjor. Nå vurderer han å flytta. Bygg- og anleggsbransjen er blant dei hardast råka i «krisefylket» Rogaland, fylket med den prosentvis største arbeidsløysa i landet.

– Eg har lyst å komma meg ut og gå vidare. For meg er det eigentleg det same kor eg flyttar. Jobben er det viktigaste, seier 21-åringen.

– Mange søker jobb i andre fylke og flyttar

Synnøve Schei

Synnøve Schei, leiar for Nav marknad Midt-Rogaland.

Foto: Magnus Stokka

Og fleire arbeidsledige rogalendingar gjer som tømraren frå Stavanger. Både søker seg og flyttar til fylke der behovet for arbeidskraft er større, ifølge tilbakemeldingane Nav Rogaland får frå fleire andre Nav-kontor i landet.

– Me opplever at mange søker jobbar i andre fylke, og veldig mange gjer det på eige initiativ. Me ser også at folk flyttar for å få jobb. Dette viser igjen på folketalsutviklinga i Stavanger, seier leiar for Nav marknad Midt-Rogaland, Synnøve Schei.

Det skjer etter at NAV Rogaland fleire gonger har oppfordra langtidsledige til å flytta ut av fylkesgrensene for å få jobb. Nav har ikkje tal på kor mange arbeidsledige rogalendingar som har flytta, men seier flyttinga skjer til både inn – og utland.

– Dette kan vera dei nordlegaste fylka, Sogn og Fjordane og Hedmark. Me veit også om folk som flyttar til andre europeiske land for å få jobb.

Arbeidsgivarar strekker seg langt

Lene Moen Karlsen

Lene Moen Karlsen, kommunikasjons- og marknadsansvarleg i bemanningsbyrået Verto.

Foto: Magnus Stokka

Det er folk frå forskjellige yrkesgrupper som flyttar, både dei meg høgare og dei med lågare utdanning. Ifølge Nav strekkjer arbeidsgivarane seg langt for å få dei ledige på flyttefot.

– Arbeidsgivarar går med på pendlarordningar, dei stiller med bustad og mange dekker reisekostnader. Me opplever at arbeidsgivarar strekkjer seg og forhandlar om ulike gode, seier Schei.

Dette blir også stadfesta av bemanningsbyrået Verto frå Sunnmøre. Dei jaktar handverkarar i Rogaland, og var nyleg på jobbmesse på Mulighetsterminalen i Stavanger.

– Kundane våre ser at det i enkelte område er blitt vanskelegare å finna kandidatar, så dei er villige til å strekka seg dersom dei får gode folk, seier kommunikasjons- og marknadsansvarleg i Verto, Lene Moen Karlsen.

Dette passar arbeidsledige Ole Holzmann bra. For han er det viktig med attraktive ordningar for å flytta ut av heimfylket.

– Dersom eg skal flytta er det viktig med gode avtalar med kor eg skal bu og ei grei lønn, seier 21-åringen, som var ein av dei som stilte til intervju under jobbmessa i Stavanger.