– Det vil alltid vera slik at ein vil spørja seg om ting kunne vore handtert annleis i etterkant av ei dramatisk hending, men dei tiltaka som blei sett i gang viste seg i alle fall å ha god effekt under flaumen, seier ordførar i Eigersund kommune, Odd Stangeland.
Måndag var kommunen i møte med NVE for å diskutera handtering av ekstremvêr og flaum for framtida.
Ordføraren meiner kommunen var godt førebudd, men er samstundes klar på at ting kan bli betre.
– Vassmassane teke i betraktning så er skadane mindre enn det me hadde frykta. Men me er likevel i den situasjonen at det er mange innbyggjarar som har fått store skader på heimane sine, seier Stangeland.
Ordføraren lover fokus på førebyggjing av flaumskadar framover.
Foto: Øystein Ellingsen, Foto:Øystein Ellingsen / NRKKommunen har framleis ikkje oversikt over skadeomfang og kostnadar.
- LELES S OGSÅ: NVE ber om 150 millioner til flomsikring
- OGSÅ: - Byråkratiet sinker flomsikring
Har ei stor oppgåve framfor seg
– Det har kome kritikk som går på at utvalet som har jobba med tiltak ikkje har kome i gang fort nok, korleis vil du kommentera det?
– Egersund kommune tar nå initiativ ovanfor NVE for å koma i gang med forskjellige tiltak. Nokre av desse er gryteklare, men så er det også ein større problematikk som krev meir arbeid – både av Egersund kommune, NVE, Statens vegvesen, og andre styresmakter.
Stangeland vedgår at kommunen har ei stor oppgåve framføre seg. Særleg Bjerkreim- og Hellelandsvassdraget er stader der må gjerast tiltak, men også ved E39 og andre stader i kommunen vil ting bli gjort ifølge ordføraren.
- LES OGSÅ: Slik har «Synne» råka Sør-Rogaland
Kom fortare enn venta
Leiar for NVE region sør, Anne Kathrine Sverdrup, meiner kommunen har eit bra beredskapsapparat.
Sverdrup meiner kommunen og NVE har vist godt samarbeid under krisen.
Foto: Kees Fjellvang / NRK– Me frå NVE har vore tidleg ute. Me var her på laurdag og har bidrege med rådgjeving om kva type krisetiltak som burde setjast i gang, og også litt rundt evakuering. Dette samarbeidet har fungert veldig godt, seier Sverdrup.
– Burde ein ha sett på eit tidlegare tidspunkt kor gale dette ville bli?
– Slik som situasjonen var, så kom det jo eit ekstremt regnvêr veldig fort. Me sende ut eit raudt flaumvarsel som viste seg å stemma her i Egersund sentrum, kor me har hatt ein 50-års flaum, men også dei andre stadane i regionen har det vore svært høge nivå.
Ho understrekar at Både nedbør- og flaumprognosane stemte, men det kom fortare enn venta.