NRK Meny
Normal

Appelsinar og julestemning i Stavanger

Nostalgi, frukt og førjulsstemning la til kai med «Appelsinbåten».

Førjulsstemning med stavangerminner om bord i MS Rogaland på Strandkaien.

I 46 år segla skipet med passasjerar, post og varer mellom Stavanger og New York, men på 60- Talet var det slutt.

– Det va den siste båten som kom frå Amerika før jul, i tida like etter krigen, fortel Einar Sanstøl, som er byvektar og museumsvert hos Museum Stavanger.

– På den tida var det jo mangel på det meste her i Norge, blant anna appelsinar. I Amerika var det ikkje mangel, så når båten kom til kai i Stavanger hadde nissen med seg appelsinar som han kasta ut til dei frammøtte.

Og sjølv om det ikkje skortar på den oransje julefrukta i norske heimar anno 2015, så syda kaien av stemning då sitrus suste over rekka.

Ein del av «Levande julekalender»

Laurdag besøkte MS Rogaland Strandkaien, og her barna fekk sjå seg omkring, besøka kapteinen i styrhuset og sjølvsagt få appelsinar av julenissen.

Arrangementet inngår som ei luke i Levende julekalender, og er eit samarbeid mellom Stavanger maritime museum, Stiftelsen Veteranskipet MS Rogaland og Stavanger Sentrum AS.

Appelsinbåten speler på minna om Amerikabåten som kom til Stavanger fram til 60-talet, der det var ein nisse som gav appelsinar til barna i byen.