NRK Meny
Normal

Eit rungande ja til bybane i Sandnes Arbeidarparti

Med bare 5 stemmer i mot gikk Sandnes Arbeiderparti for bybane i går.

Bybane-ja i Sandnes

Torsdag kveld gjekk Sandnes Arbeiderparti inn for bybane på Nord-Jæren.

Foto: Brit-Helen Jacobsen / NRK

Som venta trossa Ap i Sandnes både fylkestingsgruppa og Ap i Stavanger i spørsmålet om bybane.

Med berre fem stemmer for bussveg, blei det eit stort bybanefleirtal. 28 Personar vil ha bane framføre buss, slik som partiet også har hatt i partiprogrammet sitt.

Laurdag skal representantskapet i Rogaland Arbeiderparti bestemma seg for kva dei vil.

Sjølv om Sandnes Arbeiderparti går for bybane, trur leiar Annelin Tangen at det kan bli fleirtal for bussveg på laurdag.

– Eg trur nok at fleirtalet vil gå for bussveg, men det er viktig for oss å understreka at me framleis er for bybane, seier Tangen.