Hopp til innhold

Ap har råd til ny skule på Storhaug

Stavanger Arbeidarpartiet seier ja til å byggje ny skule på Storhaug i Stavanger. Prisen blir nærare 200 millionar kroner, men det tar Ap høgde for i sitt alternative budsjett.

Arbeidarpartiet og FAU står saman om ny skule i Storhaug bydel i Stavanger

Arbeidarpartiet og FAU står saman i kravet om ny skule i Storhaug bydel i Stavanger. Frå venstre Dag Mossige, Stavanger Ap, Mari Helgeland, FAU-leiar Storhaug skole og Henrik Lundberg, FAU-leiar Nylund skole.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Ny skule har me lova igjennom heile valkampen og då er det naturleg at me også finn plass til det i budsjettet vårt, slik at førebuing kan setjast i gong for fullt i 2016.

Dette seier nestleiar i bystyregruppa i Arbeidarpartiet i Stavanger, Dag Mossige.

Han står saman med FAU-leiarane på dei to eksisterande barneskulane i Storhaug bydel, og ser ut over skulegarden på Storhaug skule. Klokka er halv åtte på torsdag kvelden, og sjølv om det har blitt mørkt høyrest ennå glad latter frå ungane på eit av leikeapparata.

Mari Helgeland, FAU-leiar Storhaug skole og Henrik Lundberg, FAU-leiar Nylund skole

Mari Helgeland, FAU-leiar Storhaug skole og Henrik Lundberg, FAU-leiar Nylund skole, meiner at bydelen har eit desperat behov for ny skule.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK Rogaland

Alle sa ja før valet

Henrik Lundberg er FAU-leiar for Nylund skule på Storhaug. Han minnes godt det som skjedde på eit valmøte, som blei arrangert i bydelen kort tid før kommunevalet i haust. Då var alle parti, med unntak av Pensjonistpartiet, klokkeklare på at det skulle byggjast ny skule på Storhaug.

– Det kom faktisk også spørsmål frå salen, om ikkje nedgangstidene i byen kunne bety at bygginga blei utsett, men det unisone svaret var at det kjente ingen noko til, fortel Lundberg.

– Men så, fem veker etter valet, så kom beskjeden om at skulen var utsett. Nå må me kanskje venta til 2022, før skulen står der, seier FAU-leiar for Storhaug skule, Mari Helgeland.

Derfor må Storhaug bydel få ein ny skule, slik FAU ser det.

Argumenta for at Storhaug bydel treng ein ny skule, slik FAU i bydelen ser det.

Foto: FAU, Storhaug

Har funne pengane

Stavanger Arbeidarparti har vore samla i Sand i Ryfylke i fleire dagar for å lage sitt alternative budsjett. Dei er ennå ikkje heilt ferdige, men Dag Mossige kan stadfesta at dei har lagt inn 182 millionar kroner til ny skule på Storhaug.

– Og pengane har de funne ved å skru opp eigedomsskatten i Stavanger?

– Eg trur me ventar til budsjettet kjem, før me avslører kvar dei pengane kjem frå, seier Mossige.

Satsar på at fleirtalet skal snu

– Det er veldig hyggeleg å høyre at Arbeidarpartiet går inn for dette nå, seier Mari Helgeland, FAU-leiar på Storhaug skole.

Ho har eit lite håp om at fleirtalspartia, med Høgre og Frp i spissen, også kjem på glid og finn pengar til å setje i gang bygging av ny skule på Storhaug.