NRK Meny
Normal

Fleire lærarar og betre skule til ein lågare pris

Arbeidarpartiet lovar at halvparten av dei tilsette i barnehagane skal vera pedagogar, at det kjem fleire lærarar i skulen og at det skal innførast ein makspris for SFO. Pengane skal dei hente frå skatteauken på 15 milliardar kroner.

Hadia Tajik, nestleiar Ap, med Henrik Nordtun Ertzeid på armen

Nestleiar i Ap, Hadia Tajik, lovar at det skal koma fleire pedagogar i seks månader gamle Henrik Nordtun Ertzeid sin barnehage, i løpet av neste stortingsperiode, om Ap kjem til makta.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Val

Det er uroa kring dei høge fråfallstala i den vidaregåande skulen som ligg bak når Ap lovar å betre tilhøva som borna møter i barnehage, SFO og grunnskule.

Kvar fjerde elev i den vidaregåande skulen gir seg før skuleløpet er ferdig. Det er 15.000 av dei om lag 60.000 elevane som startar kvart år her i landet.

– Me ser at mange av dei som strevar seinare i skuleløpet, dei kunne me ha fanga opp tidlegare, seier Tajik.

Ho fortel at fagfolka alt i barnehagen kan sjå kva ungar som kjem til å streva i framtida, dersom dei ikkje får den oppfølginga dei treng.

Det er derfor ho mellom anna foreslår at halvparten av dei tilsette i barnehagane bør ha pedagogisk utdanning.

– Ikkje sant at det er ein god idé?, seier ho til seks månader gamle Henrik Nordtun Ertzeid, som ho held i armane sine.

Har dei råd til dette, då?

– Er det dei 15 milliardane i ekstra skatt, som skal finansiera dette også?, spør Tina Bru, stortingskandidat frå Høgre i Rogaland.

Portrettbilde av Tina Bru

Andrekandidat for Høgre i Rogaland, Tina Bru, er skeptisk til om Ap klarer å gjennomføre forslaget sitt.

Foto: Hans Kristian Thorbjoernsen

Ho opplever at mange av Arbeidarpartiet sine forslag i denne valkampen skal finansierast på denne måten.

Bru minner om at Høgre/Frp-regjeringa har tilsett 1000 nye lærarar på første til fjerde trinn i denne perioden. Det har kosta om lag 1,3 milliardar kroner.

– Det er meir enn det Ap gjorde då dei sat i regjering sist. Då lova dei dette i fleire omgangar, men det kom aldri meir pengar, seier Tina Bru.

Det kostar å satsa

Heller ikkje Hadia Tajik frå Ap avviser at dette løftet kjem til å kosta mykje pengar, men ho meiner at partiet har råd til det, om det kjem i regjering.

Hadia Tajik, Kari Nessa Nordtun, Henrik Nordtun Ertzeid, Stella Chesak og Marianne Chesak, utebilde

Førstekandidat for Ap i Rogaland, Hadia Tajik, vil betre barnehage, SFO og grunnskule, for å hindre fråfallet i vidaregåande skule. Med på bildet er også Kari Nessa Nordtun, gruppeleiar for Ap i Stavanger og fylkesvaraordførar i Rogaland, Marianne Chesak frå Ap.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Planen er å auke tilskottet kvart år, slik at dei om fire år er oppe i ein milliard kroner i året.

– Det skal me finansiera gjennom å få fleire i folk i arbeid og gjennom eit meir rettferdig skattesystem, seier ho.

Dette lovar Ap

Ap vil auke talet på pedagogar i barnehagane til 50 prosent av dei tilsette. Dei vil tilsetje fleire lærarar i grunnskulen og innføre ein garanti for at elevane kan lesa, skriva og rekna.

Partiet vil også heve nivået på SFO-tilbodet for 1. til 4.-klassingane, og Tajik slår fast at det skal skje utan at prisen skyt i vêret.

– Foreldra må jo ha råd til å senda ungane dit, seier ho.