Hopp til innhold

Ap er innvandrarpartiet

Dei borgarlege partia er ikkje representerte med politikarar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn.

Loai Deeb, Ap-representant i Sola kommunestyre

Loai Deeb, Ap-representant i Sola kommunestyre

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ap har fem ikkje-vestlege innvandrar-representantar i kommunestyra i fylket. SV har to, men ingen av dei andre partia stiller med ein eineste innvandrar med  ikkje-vestleg bakgrunn.

Det viser ein gjennomgang som NRK Rogaland har gjort.

Då er ikkje aust-europearar tatt med og definisjonen på "ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn" er ellers at personen sjølv, eller minst ein av foreldra er fødd i eit "ikkje-vestleg land".  

 

 

- Arbeiderpartiet var opne mot meg og inviterte meg til å vera med i politisk arbeid og til å stilla meg på ei valliste i kommunevalet.

Det seier Loai Deeb, frå Palistina, som nå sit i kommunestyret i Sola.

- Dei viktige sakene for meg er at også fattige skal kunne bu i Sola, og  at barnetrygda ikkje skal reknast inn i grunnlaget for å få sosialhjelp, seier han.  I tillegg er han opptatt av kulturutveksling mellom innbyggjarar  med utanlands bakgrunn i Sola, og dei norske.

Flest i Stavanger

Arbeiderpartiet har tre politikarar med "ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn" i Stavanger bystyre.  Det er Mubarak Muhamad Ali, sonen Arshad Mubarak Ali og  Labiba Abu Nima.

I tillegg har SV to,  Marcela Molina og Luisa Pinzon.

Loai Deeb representerer Ap i Sola og i Hå har partiet fått vald inn  Rabiaa Hassan Nabi.

Til saman er det omlag 750 kommunestyrerepresentantar i Rogaland.   Folkegruppa  med "ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn" utgjer omlag 4 prosent av innbyggjarane i fylket. 

Ingen borgarlege

Resten av partia, altså med unntak av Ap og SV, har ingen innvandrar-representantar i dei 26 kommunestyra i Rogaland.

Siri Meling, ny leiar i Rogaland Høgre

Siri Meling, leiar i Rogaland Høgre

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

- Det er sjølvsagt synd at det er slik,  seier leiar i Rogaland Høgre, Siri Meling.  Ho meiner prinsipielt at dei forskjellege gruppene i samfunnet skal vera best mogeleg representerte i politikken, men Høgre har ikkje gjort noko spesielt for å få med seg innvandrarar i politikken.  

- Likevel har me ein med "ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn" i Fylkestinget og det er det vel ikkje andre parti som har, seier Meling.

Slett ikkje verst

Valforskar Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen, tykkjer representasjonen er til å leva med.  

- At sju av 750 kommunestyrerepresentantar i Rogaland er "ikkje-vestlege innvandrarar" viser at dei tilpassar seg norsk politikk og gjerne vil gjera ein innsats her, seier han.

Frank Aarebrot

Frank Aarebrot

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

- Legg merke til at dei ikkje dannar eit eige innvandrarparti, men i staden går inn i den norske modellen, seier Aarebrot.  Han er også opptatt av at det krev både god norsk og god innsikt i norsk samfunnsliv for å forstå og kunne setje seg inn i kommunale sakspapir.

Grunnen til at Ap har fem av sju slike representantar, kan ha med å gjera at partiet er eit moderat, sekularisert parti. 

- Dei som har flykta frå knallharde muslimskstyrte regime, trivst ofte best med meir moderate parti i landet dei flyktar til, seier Aarebrot.