Hopp til innhold

Her blir ryktet spreidd om at Andreas var den eine drapsmannen i Haugesund

Andreas Fludal (23) har budd hos slektningar i frykt etter at han feilaktig vart utpeika som drapsmann nyttårshelga.

Fleire spreidde vidare ryktet om at Andreas Fludal var ein av drapsmennene etter nyttårsdrapet.

Rykta om at Andreas Fludal stod bak drapet første nyttårsdag i Haugesund spreidde seg fort blant folk på Haugalandet.

Foto: skjermdump

Søndag kveld nådde eit rykte Andreas Fludal frå Tysvær.

– Eg vart veldig stressa, og forstod ingenting.

Andreas Fludal vart feilaktig uthengt som drapsmann på nett.

Andreas Fludal frå Tysvær har hatt det vanskeleg dei siste dagane.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

For det var eit rykte om han sjølv.

At han var sikta for medverking på drapet som skjedde i Haugesund natt til første nyttårsdag.

– Det har vore heilt jævlig. Halve Haugalandet trur kanskje eg har vore med på eit mord eg ikkje har vore med på i det heile tatt, seier Fludal som var på fest ein heilt annan stad nyttårsaftan.

Det var Haugesunds Avis som først omtalte saka.

Flytta heimanfrå i frykt

Andreas Fludal og søstera Silje Fludal håper dei som står bak rykta tar seg saman og innrømmer feilen.

Andreas Fludal og søstera Silje Fludal håper dei som står bak rykta tar seg saman og innrømmer feilen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Det var Silje Fludal, søstera til Andreas, som først fekk vite om rykta.

– Det var vondt for meg å seie det til han. Å vere ein drapsmann er ikkje noko Andreas er, og det skal han heller ikkje ha på seg, seier ho.

Det ser ut til at det var på det svenske forumet Flashback at ryktet starta anonymt.

Men kvifor og korleis han vart utpeika, veit dei ikkje.

Fleire kontakta Andreas Fludal for å høyre kvifor han vart utpeika som drapsmann

Fleire kontakta Andreas Fludal for å høyre kvifor akkurat han vart utpeika som drapsmann etter drapet nyttårshelga i Haugesund.

Foto: skjermdump

I etterkant har han fått over hundre meldingar, og dei to siste dagane har han budd hos slektningar i frykt for at nokon skulle oppsøke han heime.

– Eg var redd for mi eiga helse, og ville ikkje ta nokre sjansar, seier Fludal.

Onsdag morgon drog han til Haugesund politistasjon for å melde inn den anonyme ryktespreiaren på nettforumet.

Kan få fengsel

Fagansvarleg i nettpatruljen i Sør-Vest politidistrikt, Kaare André Ødegaard, seier dei ser ein auke blant folk som spreier rykte på nett.

Han seier det er «enklare» å spreie rykte på nettforum der ein kan vere anonym, fordi ein føler seg skjult.

– Men i dei fleste tilfelle er det mogleg for politiet å finne fram til kven som har lagt ut kva.

Fagleder Kaare André Ødegaard i politiets nettpatrulje, Sør-Vest.

Fagleiar i nettpatruljen Sør-Vest, Kaare André Ødegaard.

Foto: Erik Waage / NRK

Å leggje ut falske rykte på nett kan gje bøter og fengselsstraff, fortel Ødegaard. Men konsekvensane er verre for dei som blir utsett for rykta.

– Utfrysing, sosial uthenging og sosial angst. Det er mange konsekvensar som ein kanskje ikkje kan føresjå der og då, seier Ødegaard.

Nettpatruljen oppfordrar dei som blir utsett for rykte på nett om å samle så mykje dokumentasjon som mogleg, og så melde det til politiet.

Går på psyken

Etterforskingsleiar Arild Austrheim seier til NRK at dei har mottatt meldinga.

– Nå skal me sjå om me kan kome nærmare gjerningspersonen ved å rette ein formell førespurnad til nettforumet. Men det er ikkje sikkert at me kjem i mål, seier Austrheim.

Andreas Fludal har meldt inn den anonyme ryktespreiiaren til politiet i Haugesund.

Andreas Fludal har meldt den anonyme ryktespreiaren, og håper at politiet klarer å finne personen.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Fludal trur han har klart å stoppe ryktestormen, og seier han har fått mange støttande meldingar nå i etterkant.

– Det er viktig å sjå at folk bryr seg, spesielt nå når eg treng det.

Nå håper han berre at saka blir løyst.

– Eg håper me finn ut kven det er, og at eg får ei oppreising. For dette går utover psyken, seier han.