NRK Meny
Normal

Politiet analyserer video frå Kongeparken

Eit filmteam, som skulle laga promoteringsvideo for russetreffet i Kongeparken, har overlevert heile råstoffet sitt til politiet. Politiet håper at den store mengda med video kan hjelpa dei i jakta på valdtektsforbrytarane.

Russetreff i Kongeparken

Heile fire melde valdtekter sette ein stor dempar på russen sitt landstreff i Kongeparken på Ålgård i byrjinga av mai i år.

Foto: Sri Wichne Pedersen / NRK

Politiet har framleis ingen mistenkte etter dei fire melde valdtektene, som skjedde under russen sitt landstreff i Kongeparken i byrjinga av mai.

Nå går dei gjennom store mengder videomateriale, for å kartleggja rørslene til dei fornærma.

Vil kartleggja rørslene til fornærma

– Videoen kjem frå eit privat firma, som var hyra inn for å filma hendinga. Det er store mengder film, som det tar tid å analysera, fortel politioverbetjent ved Gjesdal lensmannskontor, Einar Haugland.

Det skal mellom anna vera snakk om foto frå lufta, etter det NRK kjenner til.

Håpet er at dei skal få kartlagt rørslene til offera, og at dei dermed kan koma nærmare i jakta på gjerningsmennene i ei etterforsking som førebels ikkje har ført til pågripingar.

Mogleg DNA-profil neste veke

I tillegg til videoanalysejobbinga ventar politiet på svar frå Folkehelseinstituttet om ein mogleg DNA-profil på gjerningsmennene i overfallsvaldtekta av ei 18 år gamal jente.

– Me ventar på rapporten frå prøvane som blei tatt på valdtektsmottaket. Då vil me få svar på om det er funne mannleg DNA på kroppen eller kleda hennar, og om det er mogleg å få DNA-profilar av dette, fortel Haugland.

Politiet har allereie fått inn DNA frivillig frå gutar dei har hatt inne til avhøyr. Dersom politiet får ein DNA-profil vil den sjekkast opp mot desse prøvane i første omgang.

Ingen nye tips

Det har kome inn fleire tips etter valdtektssaka, men etter kvart som tida har gått har det blitt færre.

– Denne veka har me ikkje fått inn eit einaste eitt, fortel Haugland.

Han forsikrar likevel om at dei jobbar for fullt med saka, og at dei stadig får kartlagt meir og meir frå helga då ugjerningane skjedde.

Politiet mottar tips på tlf. 51894026/02800.

Gjesdal-lensmann Ingrid Eik og jakke

Lensmann i Gjesdal Ingrid Eik viser fram ei jakke politiet trudde hadde noko med hendinga å gjera. Den er nå sjekka ut av sakene.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK