Hopp til innhold

Amedia startar ny avis i Stavanger

Amedia tar over merkenamnet Rogalands Avis og skal til hausten lansere det dei kallar ei reindyrka lokalavis for Stavanger.

Amedia

AMEDIA: RA Stavanger blir den fjerde byavisa konsernet lanserer.

Foto: Vidar Ruud / NTB

RA Stavanger skal vere ei digital nyheitsavis og blir lansert av Amedia.

Det er enda ikkje klart kven som vere ansvarleg redaktør i den nye avisa, men dei har allereie sett i gang med å rekruttere journalistar.

– Vi skal vere ei frisk og freidig avis på augehøgde med befolkninga i Stavanger, fortel konserndirektør i Amedia Ingrid Skogrand til NRK.

Konserndirektør Ingrid Skogrand i Amedia.

Ingrid Skogrand er konserndirektør i Amedia.

Foto: Amedia

– Vi meiner at Stavanger med 150.000 innbyggjarar fortener å ha to byaviser, fortel konserndirektør Skogrand.

– Rogalands Avis har svært positive assosiasjonar i befolkninga i Stavanger, fortel Skogrand.

Rogalands Avis

Når Rogalands Avis blei lagt ned i vinter hadde dei drive med nyheiter i 125 år.

Foto: Bjørn Grimen / NRK

– Det er særleg assosiasjonane rundt at det er ein avis som har vore folkeleg og tabloid. Kjapp og tett på og i augehøgde med Stavangers befolkning. Det er jo verdiar som det er veldig lett for oss å dra med oss vidare, og som vi ønsker å bygge vidare på.

Skogran meiner likevel at samanlikninga stoppar der.

Nordmenn er mest avislesande i verda

RA Stavanger blir no den andre avisa som har Stavanger by som dekningsområde.

Medievitar Luise Salte seier at det i utgangspunktet er bra med fleire avsendarar av nyheitene. Ho fortel av nordmenn er blant dei som er mest villige til å betale for nyheitene, samstundes som vi er blant dei som les flest aviser.

Luise Salte, doktorgrad forsker medievitenskap

Medieforskar Luise Salte meiner fleire aviser i utgangspunktet er positivt.

Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK

– Det vil i prinsippet skal styrke mediemangfaldet. Ein får potensielt fleire tema på dagsordenen, får fleire stemmer, betre representasjon.

Ho fortel likevel at det finst ei grense for kor mange aviser vi ønskjer oss i eit samfunn.

– Viss det er veldig mange aviser, og kvar avis berre blir lest av éin type folk, så kan det vere at vi ikkje forheld oss til de same temaa og nyheitene.

Ho meiner likevel at denne grensa ikkje går ved to byaviser i Stavanger, og at det finst rom for fleire aviser i Noregs fjerde største by.

– Dei vil vere meir folkelege og ta et andre synspunkt. Det høyrest ut som at dette kan vere et positivt, avsluttar ho.

Også Ingrid Skogrand fortel at dei ønskjer å posisjonere seg litt annleis enn Stavanger Aftenblad.

Har etablert ei rekke storbyaviser

– Vi skal konsentrere oss om Stavanger by, og blir også ei heildigital avis. Det å vere i ein utfordrarposisjon og kunne drive fram dei sakene som ikkje står på radaren til Stavanger Aftenblad, det håper vi og trur vi at vil komme byens befolkning til gode, avsluttar ho.

Amedia samarbeider med ei rekke ulike lokalaviser i Noreg, mellom anna Jærbladet, Sandnesposten og Haugesund Avis i Rogaland.

Til no eig dei Nidaros i Trondheim, Avisa Oslo, og KRS – Avisa Kristiansand.