Hopp til innhold

Seks år gamal jente døydde etter trafikkulukke

Ei seks år gamal jente på sparkesykkel vart alvorleg skadd etter ei trafikkulukke i Klepp onsdag kveld. Torsdag morgon melder politiet at ho mista livet.

Raude, kvite og rosa roser ligg på nokre steinar i graset. Ved sidan av står ei gravlykt og eit kvitt kort med blomar på. På kortet står det "You had such a beautiful smile" med eit hjarte teikna på.

Roser, ljos og blomar er lagt ned der ulukka skjedde.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ei jente på sparkesykkel vart frakta med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus, men livet sto diverre ikkje til å redde, skriv politiadvokat Helene Bergesen i ei pressemelding.

Det var seks år gamle Nikita Helena Wieczorek som mista livet. Politiet frigjer namnet i samråd med familien.

Raude, kvite og rosa roser ligg på nokre steinar i graset. Ved sidan av står ei gravlykt og eit kvitt kort med blomar på. På kortet står det "You had such a beautiful smile" med eit hjarte teikna på.

Fleire bukettar og lys er lagt ned nær vegen der ulukka skjedde.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Like over 19.30 onsdag kveld meldte politiet om ulukka.

Luftambulanse og naudetatar kom til staden. Barnet sine pårørande vart teken vare på av helsepersonell.

Politiet meldte tidleg om at ulukka såg ut til å vere alvorleg.

Jenta vart frakta til sjukehuset i Stavanger med luftambulanse.

Sikta og fråteken førarkortet

Til NRK sa Jøran Solheim ved politiets operasjonssentral onsdag kveld at ulukka skal ha skjedd på ein offentleg veg.

Sjåføren av traktoren er sikta, opplyser politiet.

Dette skjer automatisk i ei so alvorleg ulukke. Han er i tillegg mellombels fråteken førarkortet, skriv Bergesen i pressemeldinga.

Den sikta har enno ikkje fått oppnemnd nokon forsvarar, opplyser politiet til NRK tysdag klokka 10.

Traktorulukke på Jæren

Ulukka skjedde på ein offentleg veg. Krimteknikarar kom seinare til staden for å gjere undersøkingar.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Krimteknikarar og ulukkesgruppe på staden

Onsdag kveld opplyste jourhavande jurist politiadvokat Sveinung Andersen at føraren av traktoren ikkje vart formelt avhøyrd.

NRK fekk då opplyst at det var grunna at personen ikkje var i stand til avhøyr.

Politiet arbeidde på ulukkesstaden med å avhøyre andre vitne og gjere undersøkingar. Dei er no i gang med å etterforske saka.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen var på staden saman med krimteknikarar frå politiet.

Bergesen ynskjer ikkje å sei noko om årsaka til ulukka.

– Det er for tidleg å sei noko om det, skriv politiadvokaten.

Vegen der ulukka skjedde. Krimteknikarar frå politiet har spraya på vegen med oransje maling, truleg for å markere kvar hjula på traktoren var då ulukka skjedde.

Krimteknikarar og Statens vegvesen si ulukkesgruppe undersøkte ulukkesstaden.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK