Hopp til innhold

Alvorleg trafikkulykke sør for Helleland

Fire personar er frakta til sjukehuset etter ei trafikkulykke på E39 på toppen av Hellelandsbakkane. Ein bil var involvert i ulykka.

Trafikkulykke Krossmoen

Ein bil var involvert i ulykka på E39

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

SØNDAG KLOKKEN 21.50: Ingen av de fire ble alvorlig skadet, to er utskrevet fra sykehuset. De to andre har lettere skader.

Litt før klokka ett i dag fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E39 på toppen av Hellelandsbakkane.

Naudetatane rykka ut til staden.

– Det har vore ei utforkøyring. Det var eit einsleg køyrty som køyrde av vegen, seier politibetjent Alf Skipstad.

Det var fire unge personar i bilen då ulykka skjedde.

– Det er ein passasjer som er frakta til sjukehus med luftambulanse, men skadeomfanget er ikkje kjent. Dei tre andre er mindre skadd eller uskadd, og er frakta til sjukehus med ambulanse, seier Skipstad.

Politiet veit førebels ikkje kva som er årsaka til ulykka.

– Men me har fått vitneobservasjonar på at det har vore høg fart, seier politibetjenten.

Ulykka skjedde rett sør for avkøyringa til fylkesveg 75. E39 er sperra i begge retningar ved ulykkesstaden, og det er manuell dirigering av trafikken.

Trafikkulykke på E39

E39 er sperra i begge retningar sør for avkøyring til FV75.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK