Hopp til innhold

18-åring mista livet etter ulukke mellom båt og vasskuter: – Vi har ingen å miste

To unge menn i slutten av tenåra vart frakta med helikopter og luftambulanse til sjukehus etter ei ulukke på Sirdalsvatnet. Ein av mennene mista livet.

Holmen-området Sirdalsvannet

Ulukka skjedde ved Holmen-området på Sirdalsvatnet.

Foto: Privat

Politiet meldte om dødsfallet i ei pressemelding. Dei pårørande er varsla.

– Eg hadde jo håpa i det aller, aller lengste at dette ville få eit anna utfall. Dette er veldig, veldig trist, seier ordførar i Sirdal, Jonny Liand.

Jonny Liland

Jonny Liland (Ap) er ordførar i Sirdal, og seier lokalsamfunnet kjenner det når slike ulukker skjer.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Han seier lokalsamfunnet sjølvsagt er prega av å ha mista ein av sine ungdomar.

– Det her er frykteleg tungt, seier Liand.

Den andre skadde, også ein person på 18, er framleis innlagt på sjukehus. Tilstanden er stabil.

Åtte personar involvert

Det er trist å kunngjere eit slikt utfall av denne ulukka der ein ung mann diverre har mista livet, skriv operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Jøran Solheim, i pressemeldinga.

Klokka 13.53 vart det meldt om ei ulukke mellom ein vasskuter og ein fritidsbåt i Sirdal.

Ulukka skjedde medan nokre ungdomar leika seg på vatnet. Tre i ein båt med to hengjande bak på ein flyteleike, to på ein vasskuter og ein på ein siste vasskuter.

Skuteren med to personar på kolliderte i stor fart med båten.

Ifølge folk på staden er vasskuteren nærmast delt i to etter samanstøyten.

Naudetatar, luftambulanse og redningshelikopter frå Hovudredningssentralen vart sendt til staden.

To 18 år gamle menn vart frakta til sjukehus, ein med redningshelikopter og ein med luftambulanse.

Sirdalsvatnet ligg i Sirdal og Flekkefjord kommune. Vatnet er over 26 kilometer langt.

– Vi har ingen å miste

– Mine tankar går til dei etterlatne og til ungdomen, seier Liand.

Kommunen har sett ned kriseteam etter hendinga. Ungdomar, vitne til hendinga og andre pårørte har fått tilbod om å treffe teamet for å ha nokon å prate med.

– Det er ei veldig tragisk ulukke som har skjedd, seier sokneprest Christiane Krahner i Sirdal til Aftenbladet. Ho er del av kriseteamet som no tek seg av ungdomar på kulturhuset på Tonstad.

– I eit lite lokalsamfunn som dette rører ei hending som dette alle saman. Dette er ein veldig tung sommardag i Sirdal, seier ordføraren.

I Sirdal kommune bur der 1800 innbyggjarar. Berre litt over hundre av dei er tenåringar, på alder med den no døde mannen.

– Vi har ingen å miste, so vi håpa i det lengste at dette ville ende annleis. Det er frykteleg tung, seier Liand.

Holmen i Sirdalsvatnet

Holmen i Sirdalsvatnet ligg nærast Tonstad, i nordenden av vatnet. Ulukka skal ha skjedd i dette området. På varme sommardagar er vatnet mykje i bruk av ungdomar, fortel ordføraren.

Foto: NRK-tipsar

Sak vert oppretta

Både båten og vasskuteren som kolliderte er tekne til brannstasjonen av politiet.

I ettermiddag har politiet snakka med dei involverte, foreldre og pårørande til dei som er flogne frå staden. Politiet har også hatt eit møte med ungdomane på eit forsamlingshus på Tonstad.

Saka vert etterforska som ei ulukke. Den døde mannen vert begjært obdusert. Sjøfartsdirektoratet er varsla om hendinga.