NRK Meny

ALVORLEG ARBEIDSULUKKE:

Politiet melder om ei arbeidsulukke om bord på ein nederlandsk slepebåt ved Skagen kaien. Ein utanlandsk mann i 20-åra fekk eit kraftig elektrisk støyt då han var i ferd med å kopla til ein varmeomn på dekk. Mannen er innlagd på sjukehuset.

– Det var alvorleg. Mannen hadde hjartestans, men fekk førstehjelp og var i live då han blei frakta til sjukehuset, seier operasjonsleiar ved Rogaland politidistrikt, Brit Randulff.

– Saka vil ikkje bli etterforska vidare av oss då dette er eit utanlandsk skip, seier Randulff.