Hopp til innhold

Alvorleg arbeidsulukke i Sandnes

Ein person har fått eit stort og tungt element over seg i Sandnes, melder politiet. Dei karakteriserer hendinga som ei arbeidsulukke. Ifølgje dei er ulukka alvorleg. Melding kom litt etter klokka 12, og Arbeidstilsynet er varsla. I tillegg gjer politiet undersøkingar på staden.