NRK Meny
Normal

Alkoholbeslaget opp og narkobeslaget ned på Vestlandet

Tollarane på Vestlandet beslagla i 2014 15.000 liter meir øl og 2.000 liter meir brennevin enn i 2013. Men syntetisk LSD og hol i lovgivinga gir avdelingssjefen i tollvesenet hovudbry.

Øyvind Hafsøe

AVDELINGSSJEF TOLLREGION VEST-NOREG: Øyvind Hafsøe og resten av tollarane på Vestlandet har beslaglagd meir alkohol og mindre narkotika i 2014 enn i 2013.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det kjem mange lastebilar over svenskegrensa som er lasta med store kvantum øl og brennevin. Veldig mange blir tekne på Austlandet, men ikkje alle. Saman med politiet gjorde me ei satsing for å ta dei som ikkje vart fanga opp på grensa, og det har me lukkast med i 2014, er forklaringa Øyvind Hafsøe, avdelingssjef i Tollregion Vest-Noreg har på den store auken.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Tollbeslag av alkohol auka kraftig i Noreg i fjor, samstundes som regjeringa auka kvota reisande kan ta tollfritt inn i landet. På Vestlandet var beslag av brennevin meir enn dobbelt, og øl-beslag meir enn seksdobla. Intervju med Ivar Sletten, tolldistriktssjef i Tollregion Vest-Noreg. Intervjuar er Leif Rune Løland.

Sjå heile oversikta nedst i saka.

Medan alkoholbeslaget har auka, har narkotikabeslaget gått ned. 2013 var eit toppår, og no er beslaget nede slik nivået var i 2012. Men trass i at talet går ned, skapar syntetisk LSD hovudbry for avdelingssjefen.

– Det er vanskeleg å halda tritt med kjemikarane, og det er hol i lovgivinga som me prøver å tetta. Me beslaglegg alt me kjem over, men alt ikkje straffast som innførsle av narkotika, men blir rekna som legemiddel, seier Hafsøe.

Syntetisk LSD

NARKOTIKA: Det ser ikkje ut som noko ulovleg, men dette er syntetisk LSD som Tollregion Vest-Noreg har beslaglagd. (Foto: Dag Harald Kvammen Andersen/NRK)

Foto: Tollregion Vest-Noreg

Dei gjer det dei kan for å tetta hola i lova.

– Samstundes brukar me ressursar på å få desse farlege legemidla vekk frå marknaden. Me har ei kjempeutfordring på dette området, fordi verda forandrar seg veldig fort, og det same gjer metodane til dei som prøver seg med dette, seier Hafsøe.

Her er heile oversikta over beslaga i 2014 samanlikna med 2013:

Tollbeslag Tollregion Vest-Noreg
Foto: Tollregion Vest-Noreg

Flere nyheter fra Rogaland