– Eg og alle andre i korpset var forbanna og sure etter det som skjedde i helga, men nå jublar me og har det veldig kjekt, seier Stine Egeland, 21 år og kornettspelar i Ålgård skulekorps.
Stine Egeland (21) spelar på kornett utlånt av HMK Garde.
Foto: Erik Waage / NRKÅtte gardistar frå kongen sin garde reiste frå Oslo til Ålgård, utanfor Sandnes, for å hjelpa det uheldige korpset.
– Då me såg kva som hadde skjedd på nyheitene på tysdag, avgjorde me kjapt at me skulle ta turen hit, seier ving-sersjant Fairchild i Garden.
Tilgrising av instrument
Sist helg hadde det vore uønskt besøk hos Ålgård skulekorps. Nokon hadde brote seg inn og grisa til instrumenta med både avføring og urin.
Fleire instrument var tilgrisa av både avføring og urin i løpet av sist helg.
Foto: Alexander Hagenes / NRK- Les også:
Alle instrumenta måtte desinfiserast og reingjerast, og det såg stygt ut for korpset sin innsats på nasjonaldagen.
Hjelp på veg
Det var då Hans Majestet Kongens Garde tok affære og varsla at dei kom til å bidra med både låneinstrument og instruksjon.
Ålgård skulekorps lærer av dei beste i landet, HMK Garde.
Foto: Erik Waage / NRK– I dag har me lært marsjering, armsving og korleis me skal ta opp instrumenta før og etter at me har spelt, fortel Stine Egeland.
- Les også:
Ho fortel at det var veldig greitt med oppfrisking frå dei som kan dette best i landet. Gleda er på gardistane si side, seier ving-sersjant Fairchild.
– Eg har ikkje ord for korleis det som skjedde på Ålgård trefte meg i sjela. Kva hadde skjedd dersom dette hadde hendt med mitt gamle skulekorps, undrar han seg.
- Les også:
Klar for nasjonaldagen
Ving-sersjant Fairchild i Garden er imponert over både storleik og nivå på Ålgård skulekorps.
Ving-sersjant Fairchild i HMK Garde gir gode råd til stortrommeslagaren i Ålgård skulekorps.
Foto: Erik Waage / NRK– Eg trur folk på Ålgård og i Gjesdal elles kan vente seg ein god korpsinnsats den 17. mai, for dette er skikkeleg bra, avsluttar han.