Hopp til innhold

Birkedal: – Eg anker om eg blir dømd for noko eg ikkje har gjort

Aktor trur ikkje på Trond Birkedal si forklaring, og meiner at ekspolitikaren bør bli dømd for seksuelt overgrep, og seksuell handling, mot barn under 16 år. Dersom det skjer varslar Birkedal ankesak.

Trond Birkedal etter rettssaka

Trond Birkedal vil ikkje bli fotografert i rettslokala. Etter rettssaka var ferdig tok han med seg pressa til Sigbjørn Obstfelder plass for kommentar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Aktor Karsten Monsen

Aktor Karsten Monsen byrja prosedyren sin i Birkedal-saka klokka 12.30 torsdag i Stavanger tingrett.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Aktor Karsten Monsen meiner Trond Birkedal bør få ei fengselsstraff på ni månader utan vilkår.

Han la i prosedyren sin i dag mest vekt på overgrepsskuldinga mot Birkedal. Det mest straffbare tiltalepunktet.

Her finst det ikkje handfaste bevis, dermed blei det ordet til Birkedal mot ordet til den nå 18 år gamle fornærma som blei vektlagd i prosedyren.

Vektlegg Gaysir-kontakt

– Det finst ein del element som styrkar forklaringa til fornærma. Mellom anna ein e-post Birkedal sende han under hemmeleg namn i januar 2008, altså før overgrepet. Her kjem det fram at Birkedal har bedd om å få bilete av fornærma, sa Monsen i prosedyren sin.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det var via den homofile møtestaden på nett, Gaysir, Birkedal den gong kom i kontakt med fornærma. Noko Birkedal også har stadfesta:

Arvid Sjødin i retten

Arvid Sjødin, Birkedals advokat, i retten.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Denne kontakten viser at Birkedal har hatt ei interesse for den mindreårige guten, og eg trur neppe det var bilete av fjeset Birkedal ville ha, sa aktor.

Ut frå det som har kome fram i retten trur ikkje Monsen at fornærma er psykisk ustabil, eller at han har fortalt denne historia for å få merksemd. Noko Arvid Sjødin, forsvararen til Birkedal, langt på veg har hevda.

Han meiner ut frå dette at det er grunn for retten å tru på forklaringa til fornærma, og at Birkedal bør dømmast for seksuelt overgrep mot barn under seksten år.

– Glad saka er ferdig

Etter rettssaka var ferdig var Trond Birkedal først og fremst glad for at det heile var over:

– Det har vore tungt å sitja der og høyra på dei uskuldige personane som har blitt trekt inn i dette, sa Birkedal etter rettssaka.

I prosedyren til Arvid Sjødin var konklusjonen at ein ikkje kan leggja forklaringa til mannen som meiner Birkedal har forgripe seg på han til grunn.

Delvis på grunn av sprikande forklaringar og delvis på grunn av påstandar om at mannen gjer det for å få merksemd rundt sin person.

Dersom retten dømmer Birkedal for dei mest alvorlege punkta er Birkedal klar:

– Eg vil ikkje bli dømd for noko eg ikkje har gjort, så då blir det ankesak, sa han til NRK.no etter rettssaka.

Dommen vil bli avsagt i Stavanger tingrett neste torsdag klokka 14.00.

Les òg:

– Ingen god agenda med massasjane

I punkt to, som handlar om seksuell handling mot barn under 16 år, meiner Monsen også at Birkedal bør bli dømt.

Fornærma har gjort uttrykk for at han sjølv ikkje opplevde denne hendinga som ei seksuell handling. Sidan lova likevel definerer handlinga, slik den er forklart, som eit lovbrot, meiner Monsen at ein ikkje kan la tiltalepunktet gå ut.

Dette gjeld ein massasje av ein gut under seksten. I retten har det blitt fortalt om liknande massasjar av unge menn som er over den seksuelle lågalderen:

– Eg meiner at det her er grunnlag for å tenka at Birkedal har ein dårleg agenda i forhold til massasjane sine. Eg meiner dette handlar om å koma i kontakt med unge gutar og menn. Dette er ei følgje av Birkedal si utleving av sin seksualitet, sa Monsen i Stavanger tingrett i dag.

Krev erstatning

Bistandsadvokat Hege Salomon la fram krav om erstatning for dei to fornærma i dei mest alvorlege tiltalepunkta.

Totalt meiner ho at Birkedal skal betala 130.000 kroner i oppreisning til dei to. 80.000 kroner i punkt ein, og 50.000 kroner i punkt to.

Dette er mindre enn ho gjekk ut med dag ein i retten, då det var snakk om 200.000 kroner totalt.