Hopp til innhold

Aktivitetsplikt skal få unge ut av Nav

Frå nyttår blei det krav om aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar under 30 år. – Det er bra at det blir stilt krav til oss, meiner Veronica (20).

Veronica

Veronica er glad for hjelpa ho får av Nav i Sandnes og håpar på ny jobb i 2017.

Foto: Anders Fehn / NRK

Veronica frå Sandnes er på jobbjakt i ein utfordrande arbeidsmarkand i Rogaland, fylket med høgast arbeidsløyse i landet gjennom heile fjoråret.

Nå sit 20-åringen i eit klasserom på Nav i Sandnes, på jobbkurs med andre unge utan ein jobb å gå til.

– Eg synst det er greitt å ha noko å vakna til og ha rutinar. Det er litt kjedeleg å gå heime i lengda, seier ho.

Obligatorisk i alle kommunar

Dei har eigentleg ikkje noko val deltakarane på dette jobbkurset. For i Sandnes har det i drygt to år vore krav til oppmøte på kurs som dette når du søker sosialhjelp og er under 25 år, elles får du ikkje støtte.

– Dei blir sett og høyrt, får hjelp til å skriva gode cv-ar og søknadar og skapa dei moglegheitene som finst i arbeidsmarknaden, fortel kurshaldar Terese Skjørestad Mellemstrand.

Frå nyttår blei det obligatorisk at alle kommunar må innføra aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar under 30 år. Ei gruppe som talde drygt 47 000 personar i Norge i 2015, ifølge SSB – og som truleg har auka i fjor, sjølv om 2016-tala ennå ikkje er klare.

– Eg synst eigentleg det er bra at det blir stilt krav til oss. Elles blir me berre slakke og sit heime og gjer ingenting, meiner 20 år gamle Veronica.

Nav-kurs

To dagar i veka er det obligatorisk oppmøte på Nav-kontoret i Sandnes for sosialhjelpsmottakarar under 30 år. Mykje fråvær gir stans i alle utbetalingane.

Foto: Anders Fehn

Forandrar opplegget

Men skal ordninga ha noko effekt viser erfaringane frå kommunar som Sandnes at kurs og rettleiing åleine ikkje er nok.

Ein Nav-analyse frå i fjor slår nemleg fast at strenge krav til dei unge og sterke innslag av praktisk arbeid, er det som skal til for å få ned talet på sosialhjelpsmottakarar.

Det har fått Nav i Sandnes til å forandra på sitt opplegg i ein meir praktisk retning. Nå bruker dei 50 prosent av tida på arbeidstrening (to dagar i veka) og 50 prosent i klasserommet (to dagar i veka) på Nav.

Liza Øverdal

Liza Øverdal, fungerande Nav-leiar i Sandnes.

Foto: Anders Fehn

– Opplegget må ha eit innhald som treff ungdommen, og så må me ha ein arbeidsmarknad som hjelp oss. Me er opptatt av å gi ungdommane praktisk arbeidserfaring i tillegg til å auka kompetansen på jobbsøking, intervju og det som må til, seier fungerande Nav-leiar i Sandnes, Liza Øverdal.

– Kva resultat trur du me vil sjå i 2017 når det blir stilt krav om aktivitetsplikt for alle sosialhjelpsmottakarar under 30 år?

– Eg tenker dette vil føra fleire inn i arbeidstrening og andre arbeidsretta tiltak, og så blir det i tillegg spanande å følgja arbeidsmarknadsutviklinga. Me håpar 2017 blir eit godt år.

Og det håpar også jobbjaktande Veronica.

– Eg er mykje meir sjølvsikker nå, og veit eg skal få meg ein jobb. Eg skal levera cv-en min og gi eit smil dei ikkje kan seia nei til.