Hopp til innhold

Aksjonerte mot Nille sitt festskum

Tidlegare byutviklar, Johan Aakre, kjøpte opp alt skummet, og spraya det like utanfor butikkdøra. Han håper aksjonen vil setja ein stoppar for sal av moroskummet, som grisar til byen, 17. mai.

Nilleaksjon

Johan Aakre er lei av at Nille-butikken i Egersund, kvart år sel sprayskum i samanheng med 17. mai.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Johan Aakre har vore byutviklar i Egersund, nå er han lei av at byen blir tilgrisa med «17. mai-skum» på sprayboks.

Han meiner at Nille er syndaren:

– Eg forstår ikkje kvifor nokon vil selja noko slikt, særlig ikkje når heile byen blir reingjort på dugnad av brannfolk og foretningsdrivande. Dette er difor ein protest.

(Artikkelen held fram under bilete)

Nilleaksjon 2

- Ein plass tenker dei vel at sprayen skal bli brukt, når dei sel den. Så kvifor ikkje utanfor butikken, spør Johan Aakre.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Fall ikkje i god jord hjå Nille

Distriktssjefen for Nille i Rogaland vart ikkje særlig glad då han fekk høyra om aksjonen:

– For meg er dette litt uforståelig, alle varer kan bli brukt, og dei kan bli misbrukt, seier Tor Nilsen.

Han kritiserer også framgangsmåten til Aakre:

– Først forlanga han at me skulle fjerna produktet, og truga nærmast. Deretter gjer han dette som reaksjon nummer to.

(Artikkelen held fram under bilete)

Nilleaksjon 3

Politiet har sikra seg bilete av asfalten utanfor Nille i Egersund. Det er opp til Nille om dei vil melda det til politiet.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

11 boksar

Aakre kjøpte alle boksane dei hadde i butikken, 11 stk., for så og spraya dei like utanfor inngangsdøra.

Nilsen kan fortelja at dei tilsette i butikken opplevde det som ubehagelig, mens kundar vart sjokka.

Men Aakre meiner ikkje at han har gått for langt, tvert om, han oppmodar andre om å gjera det same.

Kva meiner du om at det blir selt artiklar i forbinding med 17. mai, som kan grisa til byen?

Sei meininga di nedanfor.