Aksjonerte etter mange klager

Seks bilistar fekk fartsbot etter at politiet gjennomførte ein laserkontroll i Floravegen i Haugesund, onsdag føremiddag. Høgaste fart var 44 km/t i 30-sona. Politiet aksjonerte etter å ha fått mange klagar om høg fart i ein veg med mange skuleborn.