Hopp til innhold

Aksjonerer for to barnehageopptak

Tysdag vil fleire foreldre aksjonere for at dei som har barn som er fødde etter 1. september også skal ha rett på barnehageplass. Dei meiner ordninga slik den er i dag er diskriminerande.

Lene Nordnes og Kathrine Woie

Kathrine Woie og Lene Nordnes fekk begge barn i oktober i fjor, det betyr at dei ikkje har rett på barnehageplass til hausten.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Dette er barn nummer tre, og i tre omganger i barselspermisjonen har eg opplevd å ikkje få barnehageplass. Og no kjenner eg at mitt tolmod er slutt, seier Lene Nordnes.

Guten hennar, Herman, er fødd i oktober. Det betyr at han ikkje har rett på barnehageplass til hausten. Slik ordninga er i dag er det berre dei som er fødde før 1. september som får det.

– Det som har skjedd er jo at eg har måtta vera heime eit ekstra år, eller har jobba redusert. Mine moglegheiter innanfor min organisasjon har jo difor ikkje blitt dei same som eg i utgangspunktet hadde frå før, seier Nordnes.

Aksjonerer for endring

På tysdag skal ho aksjonere for to barnehageopptak saman med andre foreldre i same situasjon. Ei av dei er Kathrine Woie. Ho har ein son som vart fødd i oktober i fjor.

– Me føler at våre barn blir diskriminerte fordi dei har feil fødselsdato, og at me som foreldre blir frateke valet om å bli heime eller å gå ut i jobb, seier Woie.

Viktig sak i valkampen

– To barnehageopptak er ei kjernesak for oss. Og me har også fått dette til å bli nasjonal politikk i Arbeidarpartiet, seier Dag Mossige frå Ap i Stavanger.

Dei går til val på å innføre to barnehageopptak, sjølv om kommunen er i ein dårleg økonomisk situasjon.

Dag Mossige

Dag Mossige i Ap er for to barnehageopptak

Foto: Eirin Margrethe Fidje / NRK

– I lengda må me få statlege midler for å få dette til, men det er ikkje noko i vegen for at me kan sjå på korleis me kan bruka lokale midler fram til det. For dette er ei sak som er veldig viktig for folk, seier Mossige.

– Ikkje realistisk med to opptak

Men i Høgre har dei ikkje trua på at kommunen kan ha råd til å innføre to barnehageopptak no.

John Peter Hernes

John Peter Hernes i Høgre trur ikkje dei har råd til to barnehageopptak.

Foto: Kaj Hjertenes

– Det trur eg ikkje er rett å prioritera av midler innanfor barnehageområdet for oss lokalt. Skal ein få til noko med barnehageopptaket for dei yngste så må det vera nasjonal politikk som Stortinget må vedta, seier John Peter Hernes i Høgre i Stavanger.